Diskusjon:Sven O. Høiby

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg har fjerna ein del personlege opplysingar om Høiby som eg tykkjer ikkje høyrer heime her. Om Rocks eller andre meiner dei må vera med vil eg gjerne sjå argumentasjon på kvifor dette er av allmen interesse, og skal med i et leksikon. --Ekko 09:29, 23 mars 2007 (CET)

I eit leksikon står det kven folk var gifte med. I dette tilfellet var ekteskapet offentleg kjend og breitt medieomtala. Vil du ikkje ha opplysingar om Sven O. Høiby i leksikon får du heller slette artikkelen. Rocks 10:41, 23 mars 2007 (CET)

Det står oftast ikkje kven folk er/var gifte med i papirleksikon, dersom ikkje ektemaken har ein sjølvstendig grunn til leksikonoppføring. Og kvifor meiner du det er av offentleg interesse at han fekk sosialpengar? Eller yrket til kona? --Ekko 11:30, 23 mars 2007 (CET)
Kven som får sosialpengar er eit spørsmål eg trur vi skal vera svært forsiktige med å gje oss ut på av juridiske (og sjølvsagt òg medmenneskelege) grunnar. -- Olve 01:57, 9 mai 2007 (CEST)
Jo, det står oftast kven folk var gifte med, og særleg når personen har artikkel berre på grunn av familieforhold. For det er vel ikkje som lokalavisjournalist Sven O. Høiby er kjend og har fått artikkel i Wikipedia? Yrket til kona står der fordi det er normalt å oppgi folk med tittel/yrke i leksikon, og fordi det er det ho er kjend for. Rocks 23:13, 23 mars 2007 (CET)
Mrn er det nokon annan grunn enn nysgjerrigheit til å ha med dette? Og du er heilt på villspor når du seier særleg når personen har artikkel berre på grunn av familieforhold. Kom med eit par døme frå Store Norske Leksikon er du grei. Og eg jobbar ikkje i Se og Hør, så eg slettar sladderen. --Ekko 23:24, 23 mars 2007 (CET)
Eg les i leksikon fordi eg vil vita meir. Når eg les ein artikkel om Sven O. Høiby er det fordi eg vil vita kva han var kjend for. Han var kjend for familieforholda (far til Mette, gift med Renate osb.), sin turneverksamd med Sputnik og sine utstpill i media. Rocks 23:31, 23 mars 2007 (CET)
Her er eg einig med Rocks. Saklege opplysingar om kva i alle dagar Høiby dreiv med høyrer heime i artikkelen. Samstundes bør me sjølvsagt ikkje ha med spekulasjonar, så kjeldebruk er viktig. Den engelske artikkelen er ikkje så verst å bygga på. --Ranveig 02:16, 24 mars 2007 (CET)
Her dreg de eit godt tiltak som Wikipedia ned i dritten! Eg synest òg det er lite vørdsamt mot personane det gjeld å redusera dei til stripparen, sosialhjelpsmottagaren og klovnen. Men, er de to som vil ha det slik, meg i mot og resten gjev blaffen, så blir det jo slik. --Ekko 11:59, 24 mars 2007 (CET)
Eg er samd med Ekko. Wikipedia treng ikkje formidla irrelevante detaljopplysningar utan kjelder, særleg ikkje når det er irrelevante detaljar av ein karakter som berre bidreg til å stigmatisera folk i deira eigne biografiar. Planlagde men skrinlagte bokprosjekt er ikkje vanleg å omtala i Wikipedia, og bør heller ikkje vera det. Om ein ikkje kan skriva at mannen har fått kritikk for å selja privatlivet sitt, utan å dra fram irrelevante detaljar, er det ikkje noko poeng i å skriva om det i det heile. Den viktige kjeldebruken Ranveig nemner, er jo heller ikkje til stades her. Om det ikkje går an å skriva ein artikkel om Sven O. Høiby utan å gå Se og Hør i næringa, bør me ikkje ha ein artikkel om Sven O. Høiby. --Tannkrem 01:38, 9 mai 2007 (CEST)

Relevant, vesentleg, nøytralt og encyklopedisk trur eg er hovudsaka her. At han var kontroversiell er nok greitt å få med. Eg trur «konsist» kan vera eit godt motto for denne artikkelen. Synest denne versjonen ser grei ut. -- Olve 01:51, 9 mai 2007 (CEST)

Hadde forresten vore fint med ei lenkje til nokon andre enn VG — i alle fall i tillegg... :) Olve 01:55, 9 mai 2007 (CEST)

Det er framleis ikkje relevant i det heile kva yrke den seinaste kona til Høiby hadde. Ho er heller ikkje interessant nok, kjend nok eller viktig nok til å verta omtalt noko meir enn som kona hans, og treng ikkje omtalast fleire gonger i denne artikkelen. Eg skulle gjerne sett ei grunngjeving for kvifor desse overflødige opplysningane vert lagt ut gong etter gong. Eg kan ikkje sjå kva som var gale med artikkelen slik han sto før Brukar:Rocks endra han att. Og det er heller ikkje denne gongen lagt inn kjelder, etter fleire forsiktige oppmodingar. Om nokon vil skriva om detaljane i Høiby sin "kjendis-karriere", er det mogleg å gjera det utan å mobba og vera usakleg, sjå artikkelen på nb:. --Tannkrem 12:13, 9 mai 2007 (CEST)
No har eg endra attende til Ranveig sin siste versjon, som fortel det som er verdt å fortelja. Eg ser og slik på det at Ranveig har skrive ein versjon som mesteparten av Wikipedia-samfunnet kan stilla seg bak, og synest at han som meiner noko anna, bør argumentera svært godt for sitt syn før han legg inn fleire detaljopplysningar om folk sine privatliv. --Tannkrem 12:17, 9 mai 2007 (CEST)
Det finst ikkje ei løysing som alle vil bli heilt fornøgde med her. Tak derfor diskusjonen her på diskusjonssida, så blir ting mykje meir ryddige... Rocks: Eg synest kanskje du burde tenkje litt over om alle detaljane kring privatlivet hans har vore så viktige for samfunnet at det er verdt å henge han ut her (anten detaljane er sanne eller ikkje) med den ekstra belastninga det fører til for familien hans. I den grad vi “må” ha med slikt, vil eg heller føreslå å gjera det med lenkjer til ikkje-tabloide nettaviser. Ikkje VG eller Dagbladet, altså. Og definitivt ikkje Se & Hør. I mellomtida vil eg be alle om å ha litt is i magen og vera meir aktiv på diskusjonssida enn innhaldssida. -- Olve 15:13, 9 mai 2007 (CEST)
Bra slik. --Ekko 19:57, 9 mai 2007 (CEST)