Diskusjon:Syrin

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ja, dersom det er so viktig å halde på ei usalig blanding av vert og blitt i same vesle artikkelen at moderatorane her på Wikipedia heller stryk faglege tilskot (eg skriv noko om tæger) enn å tole at nokon pirkar litt i ugreia, får eg finne meg noko anna å gjere, skjønar eg. Dette usignerte innlegget vart skrive av 46.98.87.7 (diskusjon · bidrag)

Kva er tæger? Det står ikkje i Nynorskordboka. --Ranveig 13. juli 2010 kl. 14:24 (CEST). Tæger er fleirtal av tåg; dette tilslagsordet står i Nynorskordboka (brukar Oddgeirh).[svar]
Kvifor slettar du ting du ikkje veit noko om? Orsak om eg verkar arg. Eg reknar med at du veit kva ei gulrot er. Har du lagt merke til trådane på ei gulrot? Dette er tæger. Ordet står i nynorskordboka på nett, og eit nettleksikon burde opplyse om dette fantastiske nynorskomgrepet som me "bønder" kjenner ut og inn. Elles er det liten vits med eit nynorsk leksikon. Dette usignerte innlegget vart skrive av 46.98.87.7 (diskusjon · bidrag)
Ja, her var eg nok litt for kjapp. Eg søkte på "tæge", som ikkje er ei oppføring, men "tæger" er. "Vert" er også gjeninnført, sidan dette var opphavlege forma i artikkelen. --Ranveig 13. juli 2010 kl. 14:36 (CEST)[svar]
Anonym brukar: Viss du endrar språkforma i heile artikkelen, fordi du finn eitt ord som er skrive på to ulike måtar, må du rekna med at heile endringa di vert attenderulla. Då får du heller gjera om igjen dei to endringane som det faktisk var meining i, og som du viser til her på diskusjonssida, i staden for å koma med usaklege utrop om ugreier som treng pirking. --Tannkrem 13. juli 2010 kl. 14:40 (CEST)[svar]
Eg er ikkje usakleg. Eg peikar på det faktum at særs mange artiklar her på nn-Wikipedia er omsette frå bokmål og dansk, og at desse omsetjingane ofte berre er halvhjarta gjennomførde, anten det no er hastverk, latskap eller kunnskapsløyse som ligg bak. Dette er skjemmande for nn-Wikipedia, og "rettingane" mine var, attåt å rette reine feil og koma med ei lita opplysning eller to, eit framlegg til ei betre nynorsk målføring. Dersom nokon vil forsvara nn-stilen i artikkelen som han var, so ver so god, men då lyt ein forsvara heile stilen, og ikkje dei einskilde orda, som openbert er raska tilfelleleg isaman. Er de verkeleg usamde i at stilen i denne artikkelen ber preg av dansk original? Og synest de ikkje det er verdt å gjera nokon med det? Dette usignerte innlegget vart skrive av 46.98.87.7 (diskusjon · bidrag)
Nynorsk Wikipedia har rom for samnorsk. Mange av brukarane her skriv samnorsk. Eg gjer det ikkje, men eg kan likevel ikkje endra i artiklar frå bokmålsnære hovudformer til meir nynorske klammeformene som eg kanskje ville ha brukt. Du får ikkje retta ord og setningar som ikkje er feil. Viss du skriv artiklar sjølv, så kan du velja språkform, og forventa den same respekten frå samnorskfolk.
Fint om du kan signera innlegga dine, det gjer du ved å skriva fire tilder: ~~~~. --Tannkrem 13. juli 2010 kl. 16:20 (CEST)[svar]
Eg veit ikkje kva du meiner med samnorsk. Om folk skriv artiklar med gjennomtenkt bruk av mye eller andre slike former, so får dei gjera det. Det er den ugjennomtenkte og umedvitne kopieringa og vantande omsetjinga frå bokmål og dansk eg ikkje likar. Det vert ikkje nynorsk berre for di alle orda står i ordboka. Er det verkeleg nokon som har noko imot at eg norskar opp slike "eigarlause" artiklar litt? 46.98.87.7 13. juli 2010 kl. 16:40 (CEST)[svar]
Ja, når du endrar frå hovud- til klammeformer fordi du meiner språkføringa er feil eller ugjennomtenkt, får du reaksjonar. Det same får samnorskfolk som «rettar» i mine artiklar fordi dei ikkje synest eg har eintydig språkføring når eg blandar konservativt nynorsk med dialektnær nynorsk. Og dette gjeld både for omsette og nyskrivne artiklar. Korleis veit du at det var ugjennomtenkt frå omsetjaren si sida? --Tannkrem 13. juli 2010 kl. 16:48 (CEST)[svar]
Jau, det veit eg av di det stod vert og blitt i same artikkelen, utan at nokon brydde seg om det. Eg er 100 prosent sikker på at dette er dårleg målføring, for slik blanding av former finst ikkje i noko målføre eller nokon skriftstil (derimot omvendt blir og vorte). Det ser eg på som eit klårsignal til å gå inn og pynte, og til å tolke utradisjonelle former som også som at dei òg er restar av dansk målføring. Men kva med å innføre ei "målmerkjing" på artiklane? "Denne artikkelen har ei medviti målføring" og "denne artikkelen treng hjelp til nynorsk målføring"? Då kunne me "rette" utan å trokke nokon på tærne, og nnWp kunne få ei etterlengta andlitslyfting. 46.98.87.7 13. juli 2010 kl. 16:56 (CEST)[svar]