Diskusjon:Talet 1

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spørsmål om tittelen[endre wikiteksten]

Kvifor "talet" først? Bør det stå i namnet på alle artiklar om talord? Blir ikkje det vel tungvint?

Kvifor trykksterkt "éin"? Sjølv ville eg nok heller vald "eitt", men "ein" kan òg vera naturleg.

Helsing ei som lurer. -- Ranveig 18. feb 2005 kl. 1858 (UTC)

Samd at dette blir tungvint, men slik er det no når ein leiter etter eintydige indeks-begrep. "Ein" er vel ikkje eit talord. Eitt, derimot... (atterhald; eg har ikkje gjort oppslag i ordliste...) --Bep 18. feb 2005 kl. 1901 (UTC)
"Éin" valde eg fordi dei fleste tel "éin, to, tre" og ikkje "eitt, to, tre". Men vi kan gjerne ha ei omdirigering frå Talet eitt òg.
--Verdlanco (diskusjon) 20. feb 2005 kl. 0127 (UTC)

Hei, eg reagerte litt på at du absolutt vil ha "Talet" framfor alle talorda, men det får vel gå. Eg går ut frå at det er fordi du vil ha symmetri (altså ikkje eitt, to, og så talet tre fordi tre er plantar)?

Likevel synest eg det ville vore greitt om du kunne laga ei omdirigering frå namnet utan "talet" framfor, ettersom det er der folk naturleg kjem til å sjå. Gjerne òg tilvising frå åra, viss du gidd (men dei er kanskje ikkje laga endå). -- Ranveig 20. feb 2005 kl. 0046 (UTC)

Du har rett m.h.p. tankegangen min, men eg vil ikkje insistera på å ha "Talet" med i titlane. Eg tenkte å venta med å laga fleire artiklar til eg har fått fleire kommentarar på akkurat dét. Men det er med ein viss tilfredsheit eg ser kor bra det tek seg ut i interwiki-listene. Døme:
[[ja:7]]
[[nah:Chicome]]
[[nl:Zeven]]
[[no:7 (tall)]]
[[nn:Talet sju]]
[[sl:7 (število)]]
Eg synest i alle fall nn:-tittelen er betre enn no:-tittelen!
Eg trur forøvrig ikkje at nokon vil finna på å leita etter artikkelen under tittelen utan "Talet" framfor. (Eg har likevel ingen innvendingar dersom du vil laga slike omdirigeringar.) Men folk vil nok leita under årstalet, dvs. talet skrive med arabiske siffer. Så vi bør kanskje laga ein mal som kan setjast inn øvst i årstalsartiklane, med peikar til den matchande tal-artikkelen.
--Verdlanco (diskusjon) 20. feb 2005 kl. 0127 (UTC)

Kva med «Talet 1», «Talet 2», «Talet 3» osv. ...? Kort og greitt namn, utvetydig tittel, ikkje variert etter kjønn, ikkje samanblanding med ubunden artikkel (ein/éin, eit/eitt), ikkje ulike skrivemåtar (tre/tri). Omdirigeringar dit frå «Talet éin/eitt/ein/eit», «Talet tre»/«(Talet) tri» osv. Eg tykkjer det er praktisk å ha med «talet» som fast element i artikkelnamna. -- Olve 20. feb 2005 kl. 0501 (UTC)

Dét var ei salomonisk løysing på ei gordisk knute, Olve! Eg går gjerne med på dét. For større tal trur eg ikkje vi treng å laga omdirigeringar, heller. Men for dei vanlegaste tala kan det vera greit å ha med ei lenkje (frå Talet null til Talet 0, men ikkje frå Talet tre hundre og åttisju til Talet 387…).
--Verdlanco (diskusjon) 20. feb 2005 kl. 0721 (UTC)
Brillefint! Nå synest eg me slår både nb: og en: i høvelegartikkelnamnkonkurransen. -- Ranveig 20. feb 2005 kl. 0834 (UTC)
På norsk skal ein helst skrive talord frå ein til tolv med bokstavar. Difor synast eg at det hadde vori det beste i artiklane au. Men eg kan jo leva med andre alternativ. Det bare virkar litt feil. --Kristian André 20. feb 2005 kl. 1258 (UTC)
Fint du kan leva med det. Ein bør sjølvsagt bruka talorda i andre artiklar, men sjølve artikkelen om tala har såpass mykje matematikk at det forsvarer å bruka sifferet. -- Ranveig 20. feb 2005 kl. 1307 (UTC)

Spørsmål om mal for tal[endre wikiteksten]

Hei! Eg berre lurte på om det ikkje ville vere betre/enklare å lage ein mal for den tabellen du har til høgre på kvar av tal-sidene? Larsivi 25. feb 2005 kl. 1257 (UTC)

Jau, dét ville vera lurt. Då kan vi endra utsjånad på tabellen (over heile fjøla) med ei einaste redigering!
--Verdlanco (diskusjon) 25. feb 2005 kl. 1323 (UTC)
Skal eg prøve å ordne ein, eller vil du gjere det sjølv? Larsivi 25. feb 2005 kl. 1330 (UTC)
Eg får ikkje tid å gjera meir i Wikipedia i dag iallfall. Lag gjerne malen du om du vil!
--Verdlanco (diskusjon) 25. feb 2005 kl. 1535 (UTC)