Diskusjon:Tallinn

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2007.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2007

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Tallinn[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Har utvida med omsetjing frå bokmålsutgåva av artikkelen. Bokmålsutgåva vert rekna som ein god artikkel. Vår utgåve treng heilt sikkert ein språkvask. --Frokor 13:17, 30 mars 2007 (CEST)


Historiebolken bør vera til slutt, notida først. Å dele Folketalsutvekling og Demografi er vel ikkje naudsynt eller meiningsfylt? Geografibolken er for stutt, og er vanskeleg å skjøna. Tallinn sin største innsjø er Ülemistesjøen (9,6 km²), og er den største drikkevasskjelda i byen. Harkusjøen er den neststørste innsjøen i Tallin og er på 1,6 km².

Er det fleire enn desse to? Kor mykje pregar innsjøane byen?

Ulikt mange andre byar, er den einaste viktige elva i Tallinn kommune i Pirita, som er ein forstad til byen

Kva er ulikt andre byar? At det ligg ei elv i ein forstad? Kva heiter elva? Kor stor er ho?
Finst det ikkje meire å seie om geografien i byen? Eit av dei to lokaliseringskarta kunne kanskje vore bytta med eit bykart eller anna kart i større skala?

At artikkelen er Anbefalt på no: er ikkje av stor verdi. Sjå til dømes vekas artikkel denne veka, Slaget ved Thermopylene, og kor mykje rettingar som har skjedd etter han blei anbefalt. Og sjå kor dårleg språket er no. Lista vår ligg vel høgare enn som så? --Ekko 18:29, 30 mars 2007 (CEST)

Artikkelen på bokmål har status «utmerket», så noko verdi har det vel?. --Frokor 18:35, 30 mars 2007 (CEST)
Greit: Noko. Men eg trur dei slit med eit stort antal framlegg, så handsaminga er vel ikkje altid så nøye som ho skulle ha vært. --Ekko 19:18, 30 mars 2007 (CEST)
Nei, me er nok flinkare der trur eg. Og nålauga bør jo vere trongt. Det langsiktige målet til Barend bør jo gjelde for denne artikkelen òg: At han vert enno betre enn den som ligg på bokmål. --Frokor 19:44, 30 mars 2007 (CEST)
Eg har teke ein språkvask. (Uinnlogga, ser eg no.) Sjå under Slaget ved Lyndanisse - bør det stå samla seg ein hær eller samla hæren sin? Er verkeleg Hjortefallteorien ein teori - det liknar meir på ei segn! Om det er ei segn, bør ho sjølvsagt med, men ikkje presentert som ein teori. Artikkelen er etter mitt syn fyldig nok, og dette kjem til å bli ein god artikkel når han er pussa litt på. - Knut 20:07, 30 mars 2007 (CEST)

Røysting[endre wikiteksten]

  • For For - Knut 18:52, 15 april 2007 (CEST)
  • For For - --Gunnernett 18:30, 18 august 2007 (CEST)
  • For For - Hogne 23:39, 18 august 2007 (CEST)
  • For For --EIRIK\diskusjon 11:49, 19 august 2007 (CEST)