Diskusjon:Tavastehus

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvifor skal vi bruke svenske namn på finske byar? Eg ser ingen annan grunn enn at dei svenske namna har vore brukt i Noreg sidan Finland var eit svensk lydrike. Det er berre svensk wikipedia og bokmålswikipedia som nyttar svenske namneformer på fullstendig finskspråklege samfunn i Finland. Til dømes brukar dansk wikipedia konsekvent det finske namnet, så vidt eg kan sjå, og det gjer alle andre wikipedier. Eg vil meine at det finske stadnamnet skal ha forrang, men at den svenske namenforma skal med som tilleggsnamn.

Eg ser argumentet ditt. Grunnen til at eg meiner det er rett å ha svenske namn på finske byar har ingenting med om kommunen er finskspråkleg eller svenskspråkleg å gjera. Det eg tenkjer på er det nordiske språksamarbeidet. Som du sikkert veit, så er svensk eit offisielt språk i Finland, og alle dei svenske namna er difor offisielle på lik linje med finsk. Dermed er det ikkje feil å ha svensk fyrst, det har med å gjera kva me føretrekkjer. I motsetnad til finsk så er svensk eit nærslekta språk med vårt, og difor meiner eg det er mest logisk å ta vare på språkslektskapen og skriva svenske namn fyrst. Det bur fortsatt relativt mange med svensk morsmål i Finland, og det tyder ein del også for dei at dei kan bruka dei svenske namna på byane og stadene der, og at dei blir forstått og respektert. Eg veit ikkje kvifor dansk wikipedia insisterer på finske namn, men eg går ut ifrå at bokmålswikipedia framleis tenkjer på den nordiske slektskapen. HallvardLid (diskusjon) 2. desember 2013 kl. 19:25 (CET)[svar]
Eg meinte språkrådet eingong hadde gitt tilråding om dette (nett som vi seier Finland, ikkje Suomi, på norsk) - men på nettidene deira finn eg berre dette. Men elles følgjer eg argumentasjonen til Hallvard. --Knut (diskusjon) 2. desember 2013 kl. 22:16 (CET)[svar]
Gamle diskusjonar: