Diskusjon:Tron Øgrim

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fint med utviding. Men er «marxismen-leninismen Mao Tse-tungs tenkning» og «vitskapen om åssen ein driv klassekamp» og «åssen ein gjer revolusjon» direkte sitat -- på nynorsk og det heile? Eg trudde Øgrim skreiv radikalt bokmål. Det ville uansett vore greitt å få ein referanse til nøyaktig kvar desse sitata er henta frå. --Ranveig 13:19, 22 mai 2007 (CEST)

Du har heilt rett. Eg har juksa med dei to siste sitata (det første er rett). Dei er tekne frå artikkelen i Norsk Biografisk Leksikon (det skreiv eg i redigeringssamandraget). Eg skal rette det opp. __meco 14:53, 22 mai 2007 (CEST)
Eg takkar på vegner av mange små og forsvarslause sitat. --Ranveig 19:35, 22 mai 2007 (CEST)

Ting og tang[endre wikiteksten]

Det er nokre formuleringar her som eg synest bør vurderast litt:

  • "Tron Øgrim sine tilhengjarar fekk i 1967 kontroll med sentralstyret i SUF og med bladet Ungsosialisten" - det høyrest her ut som om Øgrim kuppa sentralstyret. Det kan òg tenkjast at andre i dette miljøet har spela større roller enn å vera "Øgrim sine tilhengjarar"...
  • "frå 1979 kritiserar Øgrim den sekteriske lina som var ført i pariet på 70-talet" - Denne setninga er upresis. Ordet sekterisme vert brukt om så mangt, og det kjem ikkje klårt fram av samanhengen kva som er tydinga denne gongen.
  • "Sidan 2005 har Tron Øgrim òg vore ein aktiv bidragsytar på bokmåls-Wikipedia[1] med hovudvekt på arbeid med artiklar om Nepal og den maoistiske revolusjonskampen som der går føre seg for tida." - Er Wikipedia-aktivitet eigentleg viktig nok til å stå i biografien til ein person som lever av å skriva?

--Tannkrem 19:46, 22 mai 2007 (CEST)

Eg tykkjer Øgrim sin formidable innsats med artikkelskriving på bokmåls-Wikipedia bør nemnast. Eg finn at noko anna ville vere undervurdering av Wikipedia si rolle, det er òg interessant fordi det syner Øgrim sitt noverande interessefokus på ei maoistisk frigjeringsrørsle. Sjølv om dette ikke vert kommentert nærare, syner det vel ganske klårt at Øgrim ikkje har gjennomførd den halslause «faneflukta» mange andre tidlegare norske maoistar har vorte skulda for.
Når det gjeld dei to første punkta dine så er dei henta om lag slik dei står frå artikkelen i Norsk Biografisk Leksikon. Eg vil riktignok nemne at den artikkelen hadde ei nokså «laus» form, og hadde ho stått her hos oss ville ho nok ha vorte skulda for både å vere POV og uencyklopedisk (eg er van med desse uttrykka fra bokmåls-Wikipedia, men er usikker på om dei òg vert nytta her på nynorsk). __meco 11:30, 23 mai 2007 (CEST)
At Øgrim skulle ha nokon tilhengjarskare trur eg ikkje noko på, han har vel heller vore «ein laus kanon». Sekterisme er vel helst eit innhaldslaust skjellsord, har det meining for andre enn meinigheita? Og kva som er ein persons interessefokus skal me vel vera varsame og meine noko om. At wikipediaaktivitet ikke er leksikonverdig er eg samd i. M.a. er det vanskeleg dokumenterbart, Ranveig er vel einaste unnataket med stipendet sitt. --Ekko 12:19, 23 mai 2007 (CEST)
Ei laus kanon vil eg ikkje kalla han, han var ein viktig ideolog i AKP (m-l). Men å klassifisera dei andre i rørsla som Øgrim-tilhengjarar er å overvurdera hans rolla. Me kunne like godt ha kalla dei Steigan-tilhengjarar eller Allern-tilhengjarar. Ord som "sekterisme" bør me ikkje bruka, anna enn i sitat o.l., det går fint an å skriva noko meir presist om Øgrim sin kritikk av ml-rørsla. Eg synest me kan skriva om maoistane i Nepal i denne artikkelen dersom Øgrim gjev ut ei bok om det (og det kjem han truleg aldri til å gjera). At nokon er interesserte i eit emne, og skriv om emnet på Wikipedia, er ikkje av interessa for ein leksikonbrukar, men kanskje for ein leksikonskribent. Me skriv artiklar først og fremst for lesarane, ikkje for oss sjølve. Og at han framleis reknar seg som maoist ("ikkje har gjennomførd den halslause «faneflukta» mange andre tidlegare norske maoistar har vorte skulda for"), kan ein vel skriva t.d. slik: "Trass i kritikken han har kome med mot ml-rørsla sin ideologi og praksis på 70-talet, reknar Øgrim seg framleis som kommunist og maoist". --Tannkrem 14:37, 23 mai 2007 (CEST)
Eg må òg gå i rette med (eg skriv dette etter at eg har skrive svar åt Ekko under) din konklusjon om at det skulle vere uinteressant kva for eit interessefokus nokon har, både på generelt grunnlag, men òg i dette særskilte dømet der det handlar om at ein av hovudfigurane i den norske maoistrørsla framleis syner eit så sterkt engasjement innanfor området maoistiske frigjeringsrørsler når dette engasjementet så uttrykkjeleg er fordufta hos så godt som alle dei han ein gong sto på barrikadane saman med. Eg får ei slags kjensle her av at både du og Ekko finn det vanskeleg å skilje på Øgrim si rolle som leksikonobjekt og rolla hans som leksikonmedarbeidar. Når du skriv « At nokon er interesserte i eit emne, og skriv om emnet på Wikipedia, er ikkje av interessa for ein leksikonbrukar, men kanskje for ein leksikonskribent. » så syner det at det er Wikipedia-redaktør Øgrim du omtalar og ikkje leksikonobjektet.
Eg prøver å reflektere over kvifor di båe reagerer som di gjer. Kan det skuldast ei umedviten trong til å beskytte seg sjølv i rolla som Wikipedia-medarbeidar, eller kan hende betre formulert, å beskytte rolla sjølv, slik at vi ikkje må la passere noko som i framtida kunne verte tydt som eit føredøme for ei utholing av personvernet for dei «småe» medarbeidarane i prosjektet? Eg finn det høveleg å åtvare mot ei slik haldning i fall dette speglar noko slikt. Sjølv om det vert ei utmaning for oss får vi heller ta ein grundig diskusjon i kvart einskilt døme enn å verje oss gjennom ei praksis som i røynda skapar andre normer for artikkelobjekt som òg er Wikipedia-medarbeidarar enn for dei som ikkje er det. __meco 19:00, 23 mai 2007 (CEST)
No argumenterer du mot stråmenn. Eg har ikkje sagt at det ikkje skal stå noko om hans interesseområde, eg har jamvel kome med eit forslag til formulering som faktisk seier nett det du sa du ville ha fram. Om du ikkje klarar å diskutera med meg utan å leggja ord i munnen på meg og analysera motiva mine, så har du vel ikkje noko å koma med. Og då er det vel heller ikkje noko problem for deg å endra artikkelen i tråd med dei innvendingane som faktisk kjem?
Om du ikkje vil at nokon av oss skal endra artikkelen sjølve, rett og slett ved å skjera vekk det som det er usemje om, får du prøva å vera konstruktiv, finna betre formuleringar og ikkje gå rett i strupen på dei som har innvendingar.
Det er ikkje me som har problem med å skilja mellom leksikonskribenten og leksikonobjektet. Det er jo nett dette skilet eg vil oppnå ved å fjerna dennne nokså uviktige delen av livet hans frå leksikonbiografien hans.
At engasjementet "er fordufta hos så godt som alle dei han ein gong sto på barrikadane saman med" er ein tullete, totalt irrelevant og delvis usann påstand. --Tannkrem 19:47, 23 mai 2007 (CEST)
Det er mi meining og eg må få lov til å fremje ho på same vis som du her fremjer ei som tydeleg går i ei anna lei. Eg kan heller ikkje sjå at eg argumenterer mot stråmenn her, tvert om. Du ønskjer å fjerne både teksten om Wikipedia-engasjementet og den som omtalar Nepal-fokuset i det han det seinaste året har lagt ned svært mykje arbeid i. Det siste vil du erstatte med ei generisk utsegn om at han framleis reknar seg «som kommunist og maoist», ei utsegn som iallfall ikkje eg kan syne prov for.
Eg skreiv tvert om når det gjaldt di skulding om at eg argumenterer mot stråmann, og eg skal grunngje kvifor: Du tøygjer min kritikk av (sitat av meg) «din konklusjon om at det skulle vere uinteressant kva for eit interessefokus nokon har [...]» til å skulle vere eit stråmannsargument mot det du skriv, altså at eg gjev ei skjeiv framstilling av ditt standpunkt for så å argumentere mot denne framstillinga i staden for det du i røynda skreiv. Eg byggjer altså min «stråmann» både på at du ønskjer å fjerne dei to omtala elementa som peikar på interessefokus og utsegnen «At nokon er interesserte i eit emne, og skriv om emnet på Wikipedia, er ikkje av interessa for ein leksikonbrukar, men kanskje for ein leksikonskribent.» Når du difor skriv «Eg har ikkje sagt at det ikkje skal stå noko om hans interesseområde» meiner eg du feilomtalar ditt tidlegare innlegg.
Når det gjeld din og Ekko si uttalde motvilje mot å verte «analyserte» så finn eg ho merkeleg. Eg skreiv «Eg prøver å reflektere over kvifor di båe reagerer som di gjer» og følgde dette opp med tankar som eg meiner ville kunne ha prinsipielt betenkjelege sider for Wikipedia-prosjektet dersom dei er riktige. I staden for å uttrykkje indignasjon for at eg tenkjer høgt i ei prinsippsak hadde det vore meir konstruktivt av dykk om de heller kommenterte om tanken gav resonnans hos dykk. Særleg finn eg din karakteristikk av min refleksjon som å «gå rett i strupen på dei som har innvendingar» merkeleg. Er det eg som her tyr til ad hominem-argumentasjon? Og du tek tydelegvis som premiss at eg gjerne vil forsvare artikkelen mot agressiv redigering av andre («Om du ikkje vil at nokon av oss skal endra artikkelen sjølve, rett og slett ved å skjera vekk det som det er usemje om, får du prøva å vera konstruktiv, finna betre formuleringar») så melder eg meg tvert ut av ei slik påtenkt redigeringskrig. Dersom nokon vel å skjere vekk det som det er usemje om utan at det speglar konsensus blant dei som skriv på artikkelen, så kjem ikkje eg til å engasjere meg utover å kommentere her at eg er usamd. __meco 00:37, 24 mai 2007 (CEST)
Dette har ingenting med dine eller våre prinsipp å gjera. Du kjem berre med vas, i staden for å vera konstruktiv og prøva å få artikkelen til å verta leveleg for oss alle. Når du ikkje har vilje til å samarbeida bittelitt, men konsentrerar deg om å fantasera om andre sine motiv og meiningar, er det ikkje mogleg å oppnå den konsensusen du etterlyser. --Tannkrem 11:21, 30 mai 2007 (CEST)
Dersom du les biografien hans i Norsk Biografisk Leksikon og ikkje beint avviser det som står, vil du klårt sitte att med det inntrykk at jau, han var nok ein leiande figur i store delar av denne rørsla si historie. Om du meiner det ikkje er rett så kan vi neppe vektleggje det om ikkje du kan syne skriftlege kjelder som stør eit slikt anna syn. At vi skal vere varsame med å meine noko om ein person sitt interessefokus skjøner eg ikkje kvifor skal nemnast i denne samanhengen. Det skreiv eg jo berre i denne diskusjonen, her på diskusjonssida, som ei grunngjeving for kvifor eg finn det verdfullt at artikkelen inneheld informasjon om all skriving til Øgrim omkring borgarkrigen i Nepal. Dei fleste med nokolunde interesse for Øgrim og den norske maoismerørsla vil vel finne det av interesse, både at ein så sentral ideolog som Øgrim framleis engasjerar seg i maoistiske frigjeringsrørsler, og at ein såpass betydeleg samfunnsaktør vel å nytte sine ressursar på Wikipediaprosjektet er ei honnør til Wikipedia og eit skot for baugen åt dei som meiner Wikipediaprosjektet ikkje skal takast på alvor. Kvifor skulle vi kimse av det, gjere oss mindre enn det vi er? Til sist må eg få lov til å undrast over at du skriv at Wikipedia-aktivitet vanskeleg let seg dokumentere. Er det då noko som er lettare å dokumentere? __meco 18:20, 23 mai 2007 (CEST)
Øgrim har vore intervjua i radio ved minst eit par høve og uttalt seg som wikipedia-forfattar, så vidt eg kjenner til er han den einaste offentleg kjende nordmannen som har uttalt seg i radioen om det å skrive på wikipedia. -Knut 18:39, 23 mai 2007 (CEST)
meco, for det fyrste kan du late vera å analysera kva som skjer i mitt hovud, nøy deg med det eg skriv. Dernest; Tannkrem sine innlegg kan stå for meg òg. Til slutt: skal eg orke drøfte slike ting med deg må du skrive kortare, meir poengtert. God kveld. --Ekko 19:59, 23 mai 2007 (CEST)
Eg har berre dette eine hovudet og eg nyttar det etter beste evne. I øvrig har eg i svaret mitt til Tannkrem òg svart på di oppfatting av at eg søkjer å gå inn i hovudet ditt. __meco 00:41, 24 mai 2007 (CEST)

At Tron Øgrim eigentleg heit Trond har eg aldri høyrt om før, og av wikipediaane er det berre den nynorske versjonen som nemner det. Finst det nokon referansar på dette? Arj 17:46, 24 mai 2007 (CEST)

Det stod i Norsk Biografisk Leksikon, og om du gjer oppslag på namnet hans på http://web3.aftenbladet.no/skatt/ ser du det òg. __meco 17:52, 24 mai 2007 (CEST)

Wikipedia Signpost minneord[endre wikiteksten]

Utvidinga frå den engelske artikkelen er i hovudsak basert på artikkelen Wikipedia:Wikipedia Signpost/2007-05-28/Wikipedian death skriven av Kjetil Ree. __meco 19:28, 2 juni 2007 (CEST)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

BepBot 25. august 2008 kl. 03:56 (CEST)[svar]

[daud lenkje]