Diskusjon:Uralske språk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Disposisjonen her er ikkje så god, med ei lang liste over språk midt i, i staden for først eller sist. Eit anna spørsmål er kor mykje stoff som skal inn her, og kor mykje som skal inn under einskildspråka. Trond.

Nordsamisk rettskriving[endre wikiteksten]

I den komparative tabellen over ordformer frå uralske språk stussar eg litt på skrivemåten av nordsamiske ord. Burde ikkje desse skrivast etter nyaste rettskriving. (Ikkje at eg akkurat er stø i nordsamisk, men det ser liksom litt «feil» ut...) -- Olve 2. jul 2005 kl. 0408 (UTC)

Du har heilt rett, dei står med Nielsen si rettskriving, det er den rettskrivinga som er vanlegast i finskugrisk litteratur, både fordi standardverka bruker (eller har brukt, fram til 90-talet) Nielsen, og fordi Nielsen si rettskriving er meir konservativ enn den nye, og dermed passar betre til historiske framstillingar. Meininga mi var likevel å overføre orda til ny rettskriving før eg la inn tabellen, men då eg hadde fått formateringa og omsetjingane på plass glømte eg det. No fer eg på ferie, så vi får sjå når eg rekk det (når eg ser på tabellen er det slik at dei andre kolonnene heller ikkje bruker gjeldande rettskriving, dei bruker alle det finsk-ugriske alfabetet, men i eit norsk leksikon bør vi ha offisiell samisk rettskriving lell, der er eg samd). Trondtr 2. jul 2005 kl. 1209 (UTC).

I avsnittet «Mange kasus og modulære lokalkasussystem» står det «...og komipermjakisk har 27 kasus,...», medan det i artikkelen Komipermjakisk språk står at «Komipermjakisk er det uralske språket som har flest kasus, ca. 7 fleire enn komisk». Men i artikkelen Komi er det i avsnittet Bøying lista opp berre 17 kasus. Manglar det nokre kasus i denne lista, tai mitä? --Sigmundg 19. juli 2009 kl. 14:53 (CEST)[svar]

Hmm, eg skal sjå på dette. Komi-grammatikken vi har på giellatekno.uit.no listar desse 21, men +HabObj ser ikkje ut som noko kasus, altså 20: +Nom +Gen +Abl +Dat +Com +Cns +Acc +Ins +Ine +Ill +Ela +Car +Egr +Tra +Apr +Ter +Abe +Prl +HabObj +Egr +Instr. Trondtr 19. juli 2009 kl. 17:54 (CEST).[svar]

Eg har vore litt slapp med kjelder her, i artikkelen står det stort sett ting som er allment kjent i fagmiljöet. Men ja, eg skal legge til kjelder. Trondtr 19. juli 2009 kl. 17:50 (CEST).[svar]

For små skrift.[endre wikiteksten]

Kvifor har siste setninga i avsnittet «Historie» så små skrift? Forutan at det gjer det vanskeleg å lesa for svaksynte verkar det litt rart. --Sigmundg 19. oktober 2009 kl. 18:57 (CEST)[svar]