Diskusjon:Venezia

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Venedig er ein gamaldags/historisk skrivemåte på norsk. No gjeld berre Venezia, jfr. Språkrådet. Om nokon meiner noko anna lyt dei komma med ei kjelde. --Ekko 14. april 2009 kl. 18:42 (CEST)[svar]

[1] (... omlag 34 000 sider på norsk som inneheldt "Venedig") [2] [3] [4] osv. Dette usignerte innlegget vart skrive av Bgagaga (diskusjon · bidrag) 14. april 2009 kl. 19:01
Eg trur ikkje du skjønar kva ordet historisk tyder, men i det ligg det at ordet blei nytta før , men ikkje blir det lenger. Og ei opptelling av internett-treff er (dårleg) statistikk og ikkje eit argument. Ei tilvising til Språkrådet er eit argument. Søker du etter hotel på norske internet-sider får du 72 000 000 treff. Det vert ikkje rett for det. --Ekko 14. april 2009 kl. 19:22 (CEST)[svar]
men venedig er det eigentlege norske namnet. det er i bruk, so me må hava det med òg. Kva om me skriv alternativt norsk namn: Venedig? Dette usignerte innlegget vart skrive av Bgagaga (diskusjon · bidrag) 14. april 2009 kl. 19:53
Nei, det du seier her er ikkje rett. Språkrådet har som eg har peika på over ei liste over korleis ein del geografiske namn skal skrivast. Venedig står ikkje der, det gjer Venezia. Det er altså ikkje eit alternativt namn. Kva du meiner med eigentleg skjønar eg ikkje. Me nyttar Språkrådet si liste, så om du meiner at Språkrådet gjer ein fagleg feil her så får du ta det opp med dei. Ordet historisk er vanleg å nytte når me ska vise at eit ord var nytta før, men no er gått ut av bruk. Og om nokon nyttar Venedig enno gjer ikkje det ordet til rett norsk, jfr. dømet med feilstavinga hotel. Og det er opplyst om dette i artikkelen. Så kva er det du har problem med her? --Ekko 14. april 2009 kl. 20:25 (CEST)[svar]
Me skal ikkje fylgja Språkrådet slavisk. Venezia er det mest brukte, men Venedig er ogso rett. Dette usignerte innlegget vart skrive av Bgagaga (diskusjon · bidrag) 14. april 2009 kl. 20:48
Slavisk tyder utan eigen vilje, som går føre seg, blir utført mekanisk. Det er heller ikkje rett. Me har drøfta dette, og blitt einige om å følgje dei, mellom anna for å unngå meiningslause diskusjonar som dette. Du har enno ikkje kommi med nokon grunngjeving eller kjelde for at Venedig skal vera rett norsk no, og ikkje ei historisk nemning. Du har heller ikkje kommi med argument for at mine argument ikkje held mål. Anten får du gjera det eller la oss halde fram i fred. --Ekko 14. april 2009 kl. 21:16 (CEST)[svar]
Eg gjev upp, du er so sta. Dette usignerte innlegget vart skrive av Bgagaga (diskusjon · bidrag) 14. april 2009 kl. 21:51

Det var sikkert lurt. Men eg er nysgjerrig: Finst det døme på at namnet «Venedig» er bruka i nynorsk litteratur eller presse siste tjue eller tretti åra? --Knut 14. april 2009 kl. 22:09 (CEST)[svar]

Sukkenes bro[endre wikiteksten]

Ordet "sukkenes bro" er ein litterær konstruksjon som kan lånast inn i nynorsk. Berre tenk på korleis namnet vert uttalt, med avvikande tonelag i "sukkenes". Ordet er framand for dei fleste av oss, muntleg som skriftleg. Dersom vi ikkje vil skrive bokmål, er «sukka si bru» ei dårleg omsetjing. Å bruke eigedomspronomen bak eit ord som sukk, er dårleg norsk. Då er «sukkebrua» meir i tråd med nynorsk språkføring. --Knut 15. april 2009 kl. 07:29 (CEST)[svar]