Diskusjon:Viaduc de Millau

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ver merksam på at nesten samtlege bilete av Viaduc de Millau på commons står i fare for å verte sletta. Diskusjon føregår her. Er den norske lova òg i røynda like streng når det gjeld bilete av byggverk som bruer og bygningar, som til dømes bilete av skulpturar o.l.? Om ikkje så er det vel mogeleg å flytte eit par av bileta over lokalt. --Frokor 14. oktober 2008 kl. 23:56 (CEST)[svar]

Viss bileta er ulovlege i Frankrike, vil dei nok vera det også i Noreg (men dette er visstnok framleis eit ope spørsmål som ikkje er prøvd for retten). Eg vil hevda at bilete som viser landskap med Millaubru, altså dei som tek med meir enn berre brua, ikkje vil vera brot på den strenge franske opphavsretten. Men eg veit ikkje om franskmenn, eller Commons-folk, vil høyra på meg. Kanskje best å lagra eit par bilete anten privat eller her i dei høva. --Ranveig 15. oktober 2008 kl. 00:15 (CEST)[svar]
I Noreg kan byggverk fritt bli avbilda, sjå åndsverklova § 24. - Knut 15. oktober 2008 kl. 07:18 (CEST)[svar]
Ja, tydlegare enn det kan det jo ikkje seiast. --Frokor 15. oktober 2008 kl. 14:31 (CEST)[svar]
Problemet er at brua ikkje ligg i Noreg! Men eg er helst einig, trur ikkje me treng uroa oss mykje om dette. --Ranveig 15. oktober 2008 kl. 16:52 (CEST)[svar]
Eg trur heller ikkje me skal uroa oss særleg, men å finne støtte i lova trur eg ikkje me greier, sjå åndsverkloven 8. kapitel. Lovens rekkevidde. --Bep 18. oktober 2008 kl. 21:31 (CEST)[svar]