Diskusjon:Vin

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg likar ikkje fyljande definisjon av vin: "Vin er ein alkoholhaldig drikk framstilt ved gjæring av frukt eller bær og eventuelt søtemiddel (som t.d. sukker), gjærkultur og andre ingrediensar."

Fransk Wikipedia har fyljande definisjon av vin: "Le vin est une boisson alcoolisée obtenue par la fermentation du raisin, fruit de la vigne (vitis vinifera)."

På norsk lyer dette om lag slik: "Vin er ein alkoholhandig drykk framstilt ved gjæring av druer, frukta til drueplanta (vitis vinifera)." Denne drfinisjonen stemmer med fransk lov, som ekskluderer alle andre fruktslag enn druer. Vi får vel vedgå at dei i Frankrike har betre greie på vin enn oss nordbuarar? Vi kan altids trøysta oss med at vi er best på rømmegraut, trøndersådd og tørrfisk... Sigmundg, 28/9 2006.

Men kva kallar ein då vin som er laga av andre ting enn druer? For me må vel ha ein artikkel om det òg då. Tannkrem 19:36, 28 september 2006 (UTC)
Best blir det om artikkelen nettop kan trekke fram ulike definisjonar. Den franske definisjonen sjølvsagt, men kva seier norsk lov? Det er vel omtrent det som står no? Rabarbravin er vin etter norsk lov og ordbruk. --Ekko 19:46, 28 september 2006 (UTC)
Las ein artikkel i bladet Maritimt Magasin nr 6 i år at tysk Algevin, ikkje får kalla seg vin, bl.a av landbruksmyndigheitene der nede, ettersom det ikkje er laga av druer. Så det er krefter som sloss om definisjonen av kva som kan kallas vin. --Anders 20:21, 28 september 2006 (UTC)

Det viste seg at norsk lov sa: Med vin forstås drikk som er tilvirket av druesaft gjennom alkoholgjæring. Likt med vin regnes drikk som er tilvirket av frukt, bær eller plantesaft gjennom alkoholgjæring. Likt med vin er etter loven også annen alkoholholdig drikk under 22 volumprosent som ikke er øl. Så vin er vin, og resten er "likt med vin". Så da så. --Ekko 20:45, 28 september 2006 (UTC)

Vi har vel å gjera med eit kulturelt skilje her: i Noreg er vin "alkoholpolitikk", medan det i Frankrike er "landbrukspolitikk". Den norske lova er vel truleg laga med take på volumprosent alkohol og ikkje med tanke på råstoff eller smak. Eg vil tru at "liquer" er ei betre nemning på jæra saft frå rabarbra, plommer og liknande, så ein eigen artikkel om desse kunne kansje høva? Sigmundg, 29/9 2006.
Dette er no ein litt sær diskusjon om eg kan få seie det slik. I vanleg norsk språkbruk omfattar vin alle gjæra drikkar som ikkje er øl. Vanskelegare er det vel ikkje. Men vi kan no gjerne skrive om ulike definisjonar og, men det får vere nok stykkjet 18:35, 29 september 2006 (UTC)
Ikkje alle, ein har òg noko som heiter sider. Men eg er samd i at båe definisjonane av vin bør stå her. Og kva for eit ord er liquer? Det står ikkje i ordboka. --Tannkrem 18:43, 29 september 2006 (UTC)
Sært er det no ikkje, stykkjet. Det er vel den evige diskusjonen mellom samlarar og splittarar; dei som vil ha få store artiklar som femner mykje for å syne samanhangar og dei som vil ha ei mengd presise artiklar. Ikkje noko gale i nokon av delane. I dette høvet er eg samd med stykkjet. --Ekko 18:46, 29 september 2006 (UTC)
Vil berre understreke at det ikkje er noko galt med sære diskusjonar, eg er overraskande ofte inne i slike sjølv stykkjet 19:00, 29 september 2006 (UTC)


Vi får vel seia det som det er: grunnen til at vi nordbuarar ofte kallar så godt som all drykk som er sterkare enn øl og svakare enn hikkas for vin er at vi historisk ikkje har interresert oss for vin. Vi nordmenn har vel ofte vore meir interreserte i "kor mykje tullprat det bur i ei flaske" enn i smaksnyansane. Som ein og annan trønder (ikkje så mange) av og til innrømmer: "det er den fyrste koppen som er verst".
Dei galliske vindyrkarane har nokre tusen års røynsle med vin og dei deler gjerne denne kurturskatten med oss. Eg tykkjer vi skal takka ja og stemmer for å gjera nynorsk Wikipedia så nayaktig og nyansert som mogeleg. Sigmundg, 29/9 2006.
Du kan jo byrja med å leggja til den definisjonen du vil bruka, i tillegg til den som står no. Og eg lurar framleis på kor ordet liquer kjem frå, og kvifor me skal bruka akkurat det ordet om vin som ikkje er laga av druer. --Tannkrem 21:12, 29 september 2006 (UTC)
Det skulle vera "likør", men eg meiner ikkje at dette ordet dekkjer alt anna enn vin. Det eg vil fram til er at om råstoffet ikkje er vindruer så er ikkje drykken vin. Sigmundg, 29/9 2006.