Diskusjon:Wikinews

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flytta hit frå Wikipedia:Samfunnshuset av Ranveig 25. juli 2005 kl. 21:36 (UTC)

Skandinavisk Wikinews[endre wikiteksten]

Eg ser at svenskane er godt i gong med å sparke i gong [sv.wikinews.org]! Det er eit spennande prosjekt! Er det noka interesse for å skape ein slik portal i Noreg? Eg har skrive meg opp på ei [liste over interessentar] på meta.wikimedia for å få starta den. Eg ser då for meg ein "fellesnorsk" portal (gjerne i nynorsk bunad for min del :) ) Brukar:Kurtber

Det er starta ei røysting om ein skal starte ein skandinavisk Wikinews. Denne er marknadsført på dk.wikipedia og no.wikipedia (svenskane har jo sin eigen sv.wikinews, men det må vel gå an å samarbeide med dei - på sikt er det vel uansett best om kvart skandinavisk språk har sin eigen wikinews, men at dei kanskje samarbeidar gjennom ein felles portal?). So no nemner eg den her so folk -om dei er interesserte- kan skrive seg opp. Det er jo ei god byrjing som seinare kan utvikle seg til ein norsk portal når den har trekt til seg nok brukarar.
No er det åtte signaturar på lista over interessentar, noko som skal vere nok til å opprette wikinewsen (i følgje innleiinga på sida). Kven som helst kan framleis [skrive seg opp her] for å få fortgang i godkjenninga! :)

Det her er jo eit flott skanwiki-prosjekt! kurtber 31. mar 2005 kl. 0007 (UTC)

[Kladdeforslag til framside] Er SkanWikiNews eit passande namn (sjå på kladdeframsida)?
Kvar kan vi føre den her diskusjonen slik at folk frå heile skandinavia kan vere delaktige..? Eg går ut i frå at nn: sitt Samfunnshus er den dårlegaste staden i so måte?kurtber 31. mar 2005 kl. 1502 (UTC)
Hehe.. Er det ikkje flott at eg klarar å halde liv i ein diskusjonstråd heilt åleine?
Forslag til SkanWikiNytt-logo :)
kurtber 31. mar 2005 kl. 1707 (UTC)
Fin, men viss kjenneteiknet med SkanWikiNytt er at han er skandinavisk, verkar det kanskje litt feil å ha med heile kloden i logoen, sjølv om artiklane handlar om heile verda?
--Verdlanco\diskusjon 26. apr 2005 kl. 1706 (UTC)