Dissipasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dissipasjon er eit omgrep i fysikken der mekaniske modar, som bølgjer eller svingingar, som mistar energi over tid, som regel på grunn av friksjon eller turbulens. Energitapet vert omdanna til varme der temperaturen til systemet aukar. Slike system vert kalla dissipative system.

Til dømes seier ein at ei bølgje som får gradvis mindre amplitude dissiperer. Korleis dette går føre seg er avhengig av kva slags bølgje det er snakk om. Ei atmosfærisk bølgje vil til dømes dissipere nær overflata på grunn av friksjon mot landmassen, og i høgare nivå på grunn av strålingsavkjøling.

Dissipasjonskreftene er dei som ikkje kan skildrast ved hjelp av hamiltonske likningar. Friksjon og liknande krefter fører til ein meir indirekte eller isotropisk energifordeling.

I numerisk fysikk vert ein numerisk dissipasjon òg kalla ein «kunstig dissipasjon» eller «kunstig diffusjon». Dette tyder at når den reine adveksjonslikninga, som per definisjon er dissipasjonsfri, vert løyst av ein numerisk tilnærmingsmetode som reduserer amplituden og endrar forma på den opphavlege bølgja på liknande måte som ein diffusjonsprosess, så vert metoden sagt å innehalde dissipasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]