Distanseriding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Distanseriding

Distanseriding er ein hestesport som går ut på å ri ein gitt distanse på kortast mogleg tid, eller på idealtid. Hestar som deltek i distanseritt vert kontrollerte av veterinær før, etter og under rittet. Hestar som ikkje kjem gjennom veterinærkontrollen vert diskvalifisert. Dei kortaste og lettaste distansane er på 30 km og dei lengste er på over 160 km. Arabarhest er eit døme på ein hesterase som ofte hevdar seg i distanseritt, men alle hestar i normal kondisjon kan nyttast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]