Distriktet Bülach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bülach (Bezirk Bülach)
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Zürich
Hovudstad Bülach
Areal 185,19 km²
Folketal 131 692 (31. desember 2010)
Kommunar 22
Karte Bezirk Bülach 2007.png

Bülach er eitt av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg nord i kantonen, og har grense til Tyskland i nord, og til ein enklave av kantonen Schaffhausen i nordaust. Bülach har 131 692 innbyggarar pr 31. desember 2010, og dekker eit areal på 185 km2. Byen Bülach, som ligg sentralt i distriktet, er hovudstad.

Distriktet omfattar av 22 kommunar. Fem kommunar har meir enn 10 000 innbyggarar, det er Kloten, Bülach, Opfikon, Wallisellen og Bassersdorf. Dei andre kommunane er Bachenbülach, Dietlikon, Eglisau, Embrach, Freienstein-Teufen, Glattfelden, Hochfelden, Höri, Hüntwangen, Lufingen, Nürensdorf, Oberembrach, Rafz, Rorbas, Wasterkingen, Wil og Winkel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]