Distriktet Biel/Bienne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Biel/Bienne (Verwaltungskreis Biel/Bienne)
distrikt
none  Bielsjøen
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Bern
Hovudstad Biel/Bienne
Areal 97,6 km²
Folketal 93 859 (31. desember 2010)
Kommunar 19
Karte Verwaltungskreis Biel Bienne 2010.png

Distriktet Biel/Bienne er eitt av ti distrikt (tysk: Verwaltungskreis) i kantonen Bern i Sveits. Distriktet har ei flatevidd på 97,6 km² og hadde 93 859 innbyggarar i 2010. Distriktet ligg på begge sider av norddelen av Bielsjøen og strekker seg i nordvestleg retning opp til grensa mot kantonen Solothurn. Distriktet ligg under forvaltningsregionen Seeland.

Distriktet Biel/Bienne består av 19 kommunar. Byen Biel/Bienne er den klart største, den nest største er Nidau med knapt 7 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Aegerten, Bellmund, Brügg, Ipsach, Lengnau, Evilard/Leubringen, Ligerz, Meinisberg, Mörigen, Orpund, Pieterlen, Port, Safnern, Scheuren, Schwadernau, Sutz-Lattrigen og Twann-Tüscherz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]