Distriktet Emmental

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emmental (Verwaltungskreis Emmental)
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Bern
Hovudstad Langnau im Emmental
Areal 691 km²
Folketal 93 677 (31. desember 2010)
Kommunar 42
Karte Verwaltungskreis Emmental 2010.png

Distriktet Emmental er eitt av ti distrikt (tysk: Verwaltungskreis) i kantonen Bern i Sveits. Distriktet har ei flatevidd på 690,5 km² og hadde 93 677 innbyggarar pr 1.1.2011. Distriktet grensar i nordvest til kantonen Solothurn og i aust til kantonen Luzern. Distriktet høyrer til forvaltningsregionen Emmental-Oberaargau.

Distriktet Emmental består av 42 kommunar. Burgdorf og Langnau er dei to mest folkerike. Dei andre kommunane er Aefligen, Affoltern im Emmental, Alchenstorf, Bätterkinden, Dürrenroth, Eggiwil, Ersigen, Hasle bei Burgdorf, Heimiswil, Hellsau, Hindelbank, Höchstetten, Kernenried, Kirchberg, Koppigen, Krauchthal, Lauperswil, Lützelflüh, Lyssach, Mötschwil, Niederösch, Oberburg, Oberösch, Röthenbach im Emmental, Rüderswil, Rüdtligen-Alchenflüh, Rüegsau, Rumendingen, Rüti bei Lyssach, Schangnau, Signau, Sumiswald, Trachselwald, Trub, Trubschachen, Utzenstorf, Wiler bei Utzenstorf, Willadingen, Wynigen og Zielebach.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]