Distriktet Horgen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Horgen (Bezirk Horgen)
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Zürich
Hovudstad Horgen
Areal 104,16 km²
Folketal 115 106 (31. desember 2010)
Kommunar 12
Karte Bezirk Horgen 2007.png

Horgen er eitt av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg på sørvestbreidda av Zürichsjøen. Horgen ligg sør i kantonen, og grensar mot kantonane Zug og Schwyz. Horgen hadde 115 106 innbyggarar pr 31. desember 2010, og dekker eit areal på 104 km2. Byen Horgen, som ligg i sentralt i distriktet, er hovudstad.

Distriktet omfattar tolv kommunar. Dei er Adliswil, Hirzel, Horgen, Hütten, Kilchberg, Langnau am Albis, Oberrieden, Richterswil, Rüschlikon, Schönenberg, Thalwil og Wädenswil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bezirk Horgen