Distriktet Laufen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Laufen (Bezirk Laufen) | |
| distrikt | |
| Land | |
|---|---|
| Kanton | Basel-Landschaft |
| Hovudstad | Laufen |
| Areal | 89,55 km² |
| Folketal | 18 962 (2011) |
| Kommunar | 13 |
Distriktet Laufen er eitt av fem distrikt i den tysk-talande kantonen Basel-Landschaft i Sveits. Distriktet har 18 962 innbyggarar pr 31. mars 2011 og dekker eit areal på 90 km². Laufen grensar både i sør, aust i og nordvest til kantonen Solothurn, i nordvest til to enklavar av kantonen. I sørvest grensar distriktet til kantonen Jura, dessutan i nordvest til Frankrike.
Distriktet Laufen omfattar 13 kommunar. Laufen er den einaste kommunen med meir enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Blauen, Brislach, Burg im Leimental, Dittingen, Duggingen, Grellingen, Liesberg, Nenzlingen, Roggenburg, Röschenz, Wahlen og Zwingen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Laufen (Bezirk)» frå Wikipedia på tysk, den 9. oktober 2011.