Distriktet Maloja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maloja
Bezirk Maloja, dertgira Maloja, distretto di Maloggia
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Graubünden
Hovudstad Samedan
Areal 973,61 km²
Folketal 18 652 (2010)
Kommunar 16
Karte Bezirk Maloja 2007.png

Distriktet Maloja (tysk Bezirk Maloja, italiensk distretto di Maloggia, retoromansk dertgira Maloja) er eit distrikt i den sveitsiske kantonen Graubünden. Distriktet har namn etter Malojapasset og omfattar det i hovudsak tysktalande Øvre Engadin på nordaustsida av passet, og det i hovudsak italienskspråklege Bregaglia på sørvestsida. Øvre Engadin har dessutan ein større minoritet av retoromansktalande. For heile distriktet er språkandelane av tysk, italiensk og retoromansk høvesvis 55%, 22% og 13%. Distriktet dekker eit areal på 975 km² og har om lag 18 000 innbyggarar.

Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Distriktet Maloja består av to krinsar (tysk Kreis, italiensk circolo, retoromansk circul) og 16 kommunar (tysk Gemeinde, italiensk comune, retoromansk cumün). Krinsane og kommunane er:


Circolo di Bregaglia / Kreis Bergell / Circul da la Bregaglia
Kommunenamn
Areal
(km²)
Folketal Språk
tysk retoromansk italiensk
Bregaglia 252 1601 20 % 2 % 75 %


Kreis Oberengadin / Circolo di Alta Engadina / Circul da l´Engiadin'Ota
Kommunenamn
Areal
(km²)
Folketal Språk
tysk retoromansk italiensk
Bever 46 625 67 % 19 % 12 %
Celerina/Schlarigna 24 1332 58 % 13 % 19 %
La Punt-Chamues-ch 63 694 66 % 21 % 8 %
Madulain 16 177 54 % 22 % 17 %
Pontresina 118 1911 58 % 8 % 16 %
S-chanf 138 651 37 % 52 % 6 %
Samedan 114 2854 61 % 17 % 15 %
St. Moritz 29 5121 59 % 5 % 22 %
Sils im Engadin/Segl 66 744 59 % 12 % 15 %
Silvaplana 45 967 66 % 11 % 16 %
Zuoz 66 1263 53 % 26 % 10 %
Heile krinsen 723 16339 59 % 14 % 17 %

Folketal og språkandelar byggjer på folketeljinga frå 2005.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]