Distriktet Porrentruy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Porrentruy | |
| District de Porrentruy | |
| distrikt | |
| Land | |
|---|---|
| Kanton | kantonen Jura |
| Hovudstad | Porrentruy |
| Areal | 335,12 km² |
| Folketal | 24 193 (2010) |
| Kommunar | 23 |
Porrentruy er eitt av tre distrikt i kantonen Jura i Sveits. Distriktet hadde 24 193 innbyggarar i 2010, og dekker eit areal på 335 km². Porrentruy er omkransa av Frankrike både i vest og i nord, og dels både i sør og i aust òg. Distriktet har namn etter den mest folkerike kommunen, Porrentruy, som ligg midt i distriktet. Alle dei andre 22 kommunane i distriktet har mindre enn 3 000 innbyggarar. Desse kommunane er Alle, Basse-Allaine, Beurnevésin, Boncourt, Bonfol, Bressaucourt, Bure, Clos du Doubs, Coeuve, Cornol, Courchavon, Courgenay, Courtedoux, Damphreux, Fahy, Fontenais, Grandfontaine, Haute-Ajoie, La Baroche, Lugnez, Rocourt og Vendlincourt.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Porrentruy District» frå Wikipedia på engelsk, den 8. oktober 2011.