Distriktet Schwyz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Schwyz (Bezirk Schwyz)
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Schwyz
Hovudstad Schwyz
Areal 506,4 km²
Folketal 51 708 (2010)
Kommunar 15
Karte Bezirk Schwyz 2007.png

Distriktet Schwyz er eitt av seks distrikt i kantonen Schwyz i Sveits. Distriktet hadde 51 708 innbyggarar i 2010, og dekkjer eit areal på 506 km². Distriktet Schwyz er både det vidaste og mest folkerike i kantonen Schwyz, med nesten halvparten av flatevidda og i kring 40% av folkesetnaden.

Distriktet Schwyz omfattar 15 kommunar. Omframt byen Schwyz, som er hovudstad i distriktet, har kommunen Arth over 10 000 innbyggarar. Andre kommunar er Alpthal, Illgau, Ingenbohl, Lauerz, Morschach, Muotathal, Oberiberg, Riemenstalden, Rothenthurm, Sattel, Steinen, Steinerberg og Unteriberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]