Distriktet Seeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seeland (Verwaltungskreis Seeland)
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Bern
Hovudstad Aarberg
Areal 335 km²
Folketal 68 288 (2010)
Kommunar 45
Karte Verwaltungskreis Seeland 2011.png

Distriktet Seeland er eitt av ti distrikt (tysk: Verwaltungskreis) i kantonen Bern i Sveits. Distriktet har ei flatevidd på 334 km² og hadde 68 288 innbyggarar i 2010. Den vestlege delen av distriktet ligg på sørbreidda av Bielsjøen, og grensar mot Neuchâtelsjøen og kantonane Neuchâtel, Vaud og Fribourg. I nordaust har distriktet grense mot kantonen Solothurn. Distriktet ligg under forvaltningsregionen Seeland.

Distriktet Seeland består av 45 kommunar. Lyss er den klart mest folkerike kommunen, Aarberg er den nest største. Dei andre kommunane er Arch, Bangerten, Bargen, Brüttelen, Büetigen, Bühl, Büren an der Aare, Diessbach bei Büren, Dotzigen, Epsach, Erlach, Finsterhennen, Gals, Gampelen, Grossaffoltern, Hagneck, Hermrigen, Ins, Jens, Kallnach, Kappelen, Leuzigen, Lüscherz, Merzligen, Meienried, Müntschemier, Niederried bei Kallnach, Oberwil bei Büren, Radelfingen, Rapperswil, Ruppoldsried, Rüti bei Büren, Schüpfen, Seedorf, Siselen, Studen (BE), Täuffelen, Treiten, Tschugg, Vinelz, Walperswil, Wengi og Worben.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]