Distriktet Willisau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Willisau (Amt Willisau)
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Luzern
Hovudstad Willisau
Areal 336,99 km²
Folketal 49 174 (2010)
Kommunar 24
Karte Bezirk Willisau 2007.png

Distriktet Willisau er eitt av fem distrikt (Amt) i kantonen Luzern i Sveits. Distriktet har eit areal på 337 km² og hadde 49 174 innbyggarar i 2010. Landsbyen Willisau er hovudstad i distriktet, som ligg i den søraustlege delen av distriktet. Distriktet Willisau grensar i vest til kantonen Bern og i nord til kantonen Aargau.

Distriktet Willisau består av 24 kommunar. Kommunane Willisau og Reiden er dei to einaste med fleire enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Alberswil, Altbüron, Altishofen, Dagmersellen, Ebersecken, Egolzwil, Ettiswil, Fischbach, Gettnau, Grossdietwil, Hergiswil bei Willisau, Luthern, Menznau, Nebikon, Ohmstal, Pfaffnau, Roggliswil, Schötz, Ufhusen, Wauwil, Wikon og Zell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]