Distriktet Winterthur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Winterthur (Bezirk Winterthur)
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Zürich
Hovudstad Winterthur
Areal 251,25 km²
Folketal 153 386 (31. desember 2010)
Kommunar 21
Karte Bezirk Winterthur 2007.png

Winterthur er eitt av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg aust i kantonen, der det grensar mot kantonen Thurgau. Distriktet Winterthur hadde 153 386 innbyggarar pr 31. desember 2010, og dekker eit areal på 251 km2. Nokså nøyaktig 2/3 av folket i distriktet bur i byen Winterthur, som er hovudstad.

Distriktet omfattar 21 kommunar. Einast Winterthur har meir enn 10 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Altikon, Bertschikon, Brütten, Dägerlen, Dättlikon, Dinhard, Elgg, Ellikon an der Thur, Elsau, Hagenbuch, Hettlingen, Hofstetten, Neftenbach, Pfungen, Rickenbach, Schlatt, Seuzach, Turbenthal, Wiesendangen og Zell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Winterthur (Bezirk)