Distriktssenteret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Distriktssenteret (offisielt: Kompetansesenter for distriktsutvikling) er eit fagleg uavhengig forvaltningsorgan knytt til Kommunal- og regionaldepartementet og blei oppretta i september 2008.

Distriktssenteret arbeider hovudsakleg med å hente inn, systematisere og formidle kunnskap og erfaringar om lokale utviklingstiltak. Desse blir formidla gjennom senteret si nettside og i møte med lokale og regionale utviklingsaktørar. Senteret byggjer opp eit samarbeid med fylkeskommunane og andre aktørar som også er støttespelarar for lokal samfunnsutvikling.

Senteret har også ei rolle som kompetanseorgan, rådgjevar og bidragsytar overfor nasjonale, regionale og lokale styresmakter. Kunnskapen som blir formidla er basert på innhenta erfaringar og forsking frå utviklingsaktørar, eldsjeler, styresmakter og kunnskapsmiljø. Distriktssenteret bestiller utgreiingar frå ei rekkje forskingsmiljø for å dokumentere effekten av distriktspolitiske tiltak eller skape kunnskapsgrunnlag for dei som skal forme framtidas distriktspolitikk.

Distriktssenteret blir leia av direktør Halvor Holmli, som held til på Steinkjer. Senteret har 22 tilsette fordelt på avdelingskontor i Steinkjer, Alstahaug og Sogndal. Senteret har i 2011 ei tildeling på 26,7 millionar kroner over kapittel 554 på statsbudsjettet. Disktriktssenteret støttar og rettleier lokale initiativ og aktørar i kommunane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]