Diva Zappa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diva Zappa
Fødd30. juli 1979 (44 år)
FødestadLos Angeles
FødenamnDiva Muffin Zappa
OpphavUSA
Instrumentvokal
Verka somfilmskodespelar, skodespelar, songar, gründer, komponist, fjernsynsskodespelar, motedesigner
MorGail Zappa
FarFrank Zappa

Diva Muffin Zappa (fødd 30. juli 1979) er ein amerikansk artist og skodespelar, og det yngste barnet til musikaren Frank Zappa.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Zappa vart fødd i Los Angeles som dotter av Frank og Gail Zappa. Ho har tre sysken, Moon Unit, Dweezil og Ahmet.

Ifølgje faren Frank fekk ho namnet Diva «på grunn av den høge stemma hennar. Ho kunne høyrast på 300 meter».[1]

Diva Zappa spelte i den første filmen sin i 1998, Anarchy TV, i lag med dei eldre syskena hennar. Sidan den gongen har ho vore med i Children of the Corn V: Fields of Terror (1998), National Lampoon's Pledge This! (2006), og forskjellige fjernsynsseriar som Felicity, Brothers & Sisters og The Mighty Boosh.

I 1999 gav Zappa ut komediesingelen «When the Ball Drops».[2] Tipper Gore spelte trommer på innspelinga[2] og Kristen Gore song korvokal.[3]

Zappa driv sitt eige selskap kalla «Hand Made Beauty» der ho sel sin sjølvdesigna og sjølvlaga klede.[4] Kleda er hovudsakleg strikka eller hekla.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mary Campbell (31. januar 1980). «Zappa still lives in the world of the weird». Sarasota Herald-Tribune. 
  2. 2,0 2,1 Staff (desember 28, 1999). «Tipper Gore Plays Drums for Diva Zappa». Spartanburg Herald-Journal. 
  3. «Diva Zappa: Two Gores and a Record». Wilmington Morning Star. 29. desember 1999. Henta 29 mars 2011. 
  4. «Hand Made Beauty». 
  5. Sarah Taylor (august 10, 2006). «Purl Girl». Women's Wear Daily. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]