Divoká Orlice
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Divoká Orlice (polsk Dzika Orlica, tysk Wilde Adler) er ei elv i Sudetane som renn mellom Bystrzyckiefjella og Orlickéfjella. Det er ei av dei største sideelvane til Orlice og er ein del av nedslagsfeltet til Elbe. Ho har utspringet sitt i Polen og dannar så grensa mellom Polen og Tsjekkia i 26 km. I Albrechtice nad Orlicí renn ho saman med Tichá Orlice og dannar elva Orlice. Ho er 99,3 km lang.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Divoká Orlice» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2008.