Diyarbakır

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diyarbakır
Amed / Amid
by
Sentrum av Diyarbakır
Land  Tyrkia
Region Søraust-Anatolia
Provins Diyarbakır
Høgd 675 moh.
Koordinatar 37°55′ N 40°14′ E
Folketal 843 460 [1]
Borgarmeister Osman Baydemir
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 21x xx
Retningsnummer (0090)+ 412
Kart
Diyarbakır
37°54′39″ N 40°14′12″ E
Wikimedia Commons: Diyarbakır
Nettstad: [1]

Diyarbakır (osmansk-tyrkisk دیاربکر, Diyâr-ı Bekr; armensk Դիարբեքիր, Diarbeqir; kurdisk ئامه‌د, Amed; syrisk ܐܡܝܕ, Amid ) er ein av dei største byane søraust i Tyrkia. Han ligg ved breidda av elva Tigris og er det administrative senteret i provinsen Diyarbakır. Han har 843 460 innbyggjarar (2011), den nest største byen i Søraust-Anatolia etter Gaziantep.

Byen er eit handelssenter for eit rikt jordbruksoppland. Frå gammalt av kjend for sine kopar-, gull- og sølvsmedarbeid. Byen har hatt universitet sidan 1973. Det største turistmålet er den 5 km lange bymuren av svart basalt og med mange tårn. Av dei mange moskeane i byen er Uli Jami den viktigaste.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken heitte Diyarbakır Amida og vart ein romersk koloni i år 230 evt. og seinare romersk hovudfestning ved øvre Tigris. Seinare vart byen omkjempa av austromarar, persarar, arabarar, kurdarar og fleire fram til han vart tyrkisk i 1515.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Diyarbakır har eit halvtørt klima. Somrane er særs varme og tørre, på grunn av nærleiken til den mespotamiske sletta der han får dei varme vindane frå ørkenane i Syria og Irak i sør. Varmerekorden i byen er 44,8°C den 28. august 1998. Vintrane er kalde og våte med frost om natta. Det er vanleg med snø mellom desember og mars, med snø ei veke og to om gangen. Kulderekorden er −23,4°C den 30. desember 2006.

Vêrdata for Diyarbakır
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 6,6 9,1 14,5 20,3 26,5 33,7 38,5 38,1 33,2 25,1 15,9 9 22,5
Gjennomsnittleg min °C −2,3 −1,1 2,4 6,8 11 16,8 21,6 20,8 15,7 10 3,5 −0,3 8,7
Gjennomsnittleg nedbør mm 63,4 68,2 67,8 64,3 38,7 9,3 0,9 0,8 6 32,6 53,2 69,7 474,9
Gns. luftfukt (%) 75 72 67 65 59 43 31 31 35 51 69 75 56
Gns. solskinstimar i månaden 120,9 134,4 173,6 207 300,7 366 387,5 362,7 297 229,4 162 117,8 2 859
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2]Weatherbase [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Diyarbakır