Dizzy Gillespie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dizzy Gillespie, 1955.

John Birks Gillespie (21. oktober 19176. januar 1993) vart fødd i Cheraw, South Carolina. Han døydde i Englewood, New Jersey. Dizzy Gillespie var amerikansk trompetar, orkesterleiar, songar og komponist. Han har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame, og vunne fleire Grammys.

Musikkstil[endre | endre wikiteksten]

John Birks «Dizzy» Gillespie var ein av hovudpersonane i jazzen si utvikling på 1940-talet. Med sine rytmiske og harmoniske oppfinningar lukkast han med å endre jazzen sitt språk til eit meir moderne uttrykk som slo svært godt an verda over.

Saman med Charlie Parker (saksofon), Bud Powell (piano) og Kenny Clarke (trommer) vert han rekna for å vere ein av frontfigurane av den nyskapande stilen bebop. Dette er ein type jazzmusikk som består av raske, kompliserte og ofte asymmetriske melodiar.

Historie og musikalsk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Den unge Gillespie fekk si musikalske utdanning frå naboar og på grunnskulen. Etter å ha spelt piano i ei tid valde han trompet som sitt instrument. Men han fekk aldri nokon formell undervisning på instrumentet, han var ein sjølvlærd musikar. Dizzy Gillespie slutta på ungdomsskulen, som mange andre, for å jobbe på ein bommulsplantasje under depressjonstida. I 1935 flytta han attende til Philadelphia for å vere saman med mora. Etter nokre dagar fekk han jobb i Frankie Fairfax band der han fekk kallenamnet sitt: Dizzy.

I mai 1937 spela Dizzy Gillespie inn si første plate. Etter dette flytta han til New York. Her fekk han han spele med Cab Calloway's band som var gjennombrotet hans som trompetsolist.

Dizzy som person[endre | endre wikiteksten]

Dizzy Gillespie sin statue i heimbyen.

I ungdommen var Dizzy Gillespie ein opprørar, ein rebell. Som vaksen var han svært oppteken av å støtte ideelle politiske saker som til dømes raseintegrasjon. Biografen Alyn Shipton meiner denne endringa i karaktér i stor grad skuldast Gillespie si sterke gudstru og støtte for trusretninga Bahá'í-tron frå slutten av 1960-talet.

I 1989, i ein alder av over 70 år, etablerte han Sameinte nasjonars orkester.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Groovin' High. The Life Of Dizzy Gillespie. Alyn Shipton ,1999

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]