Byen Djibouti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Djibouti (by))
Djibouti
by
Land  Djibouti
Høgd m
Type Hovudstad
Folketal 475 322  (2009)
Grunnlagd 1888
Tidssone UTC +3
Kart
Byen Djibouti
11°35′42″N 43°08′53″E / 11.595°N 43.148055555556°E / 11.595; 43.148055555556
Wikimedia Commons: Djibouti (city)

Djibouti (utt. dʒibˈu:ti) er hovudstaden og den største byen i republikken Djibouti i Aust-Afrika. Han ligg på ei halvøy mellom Tadjourabukta og Adenbukta nær innlaupet til Raudehavet. Folketalet i byen er usikkert, men under folketeljinga i 2009 vart det målt til 475 322 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Djibouti vart grunnlagd i 1888, og vart i 1892 gjort til hovudstad i Fransk Somaliland i staden for Tadjoura. Mellom 1967 og 1977 var byen hovudstad i det franske Afar- og Issar-området før han vart hovudstad i republikken Djibouti i 1977.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Djibouti er ein viktig handelsby, og hamna har store anlegg for forsyningar og bunkring. Hamna vert også brukt til fiske og ferjeruter herifrå til Tadjoura og Obock. Det går også jarnbane frå byen til Addis Abeba i Etiopia, noko som er svært viktig for økonomien til byen. Den internasjonale lufthamna Ambouli ligg også i byen.

Anna[endre | endre wikiteksten]

I Djibouti finst også eit akvarium, ein stor marknadsplass, nasjonalstadionet Stade du Ville, presidentpalasset i landet og Hamoudi-moskéen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Djibouti – hovedstad» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Byen Djibouti