Djuphavsgrop
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Puerto Rico-gropa er den djupaste delen av Atlanterhavet, og dannar grensa mellom dette og Det karibiske havet.
Ei djuphavsgrop er ei langstrakt renne på havbotnen. Gropa vert danna ved at ei tektonisk plate dykkar ned under ei anna.
Skjematisk framstilling av jordskorpeplater på havbotnen som dannar midthavsrygg der dei glir frå kvarandre og groper der dei møter andre plater.
I djuphavsgropene finn ein dei aller største havdjupa på jorda. Den djupaste er Marianegropa, med ei djupne på 11 035 meter. Det finst andre djuphavsgroper utanfor Japan, Java og Peru/Chile. Gropene er vanlegvis 3–4 km djupare enn havbotnen omkring og kan vera opptil fleire hundre mil lange.
Sedimenta i tidlegare djuphavsgroper kan seinare faldast saman, omdannast og skuffast på land som del av fjellkjeder.
Dei djupaste gropene [endre]
| Namn | Hav | Djupne |
|---|---|---|
| Marianegropa | Stillehavet | 11 035 m |
| Tongagropa | Stillehavet | 10 882m |
| Kuril–Kamsjatka-gropa | Stillehavet | 10 542 m |
| Filipinegropa | Stillehavet | 10 540 m |
| Kermadecgropa | Stillehavet | 10 047 m |
| Izu-Bonin-gropa (Izu-Ogasawara-gropa) | Stillehavet | 9 780 m |
| Japangropa | Stillehavet | 9 000 m |
| Puerto Rico-gropa | Atlanterhavet | 8 605 m |
| Peru-Chile-gropa eller Atacamagropa | Stillehavet | 8 065 m |