Djuphavsslette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjematisk tverrsnitt av eit havbasseng, som syner forholdet mellom djuphavssletta og kontinentalfoten og ei djuphavsgrop.
Ei djuphavssone i forhold til andre store havsoner.

Ei djuphavsslette er ei undervasslettedjuphavsbotnen, vanlegvis i djupner på mellom 3000 og 6000 m. Ho ligg generelt mellom foten av kontinentalfoten og ein midthavsrygg. Djuphavsslettene dekkjer meir enn 50 % av jordoverflata.[1][2] Dei er av dei flataste, glattaste og minst utforska områda på jorda.[3] Djuphavsslettene er eit av hovudelementa i havbassenga, og i tillegg til slettene finn ein som regel midthavsryggar, djuphavsåsar, djuphavsgroper og subduksjonssoner.

Djuphavsslettene vart ikkje rekna som eigne fysiografiske trekk ved havbotnen før seint i 1940-åra, og fram til nyare tid har dei ikkje vorte systematisk utforska. Dei er dårleg bevarte i det sedimenetære arkivet, fordi dei som regel blir slukt av subduksjonsprosessar.[3] Djuphavsslettene oppstår ved at havbotnen spreiar seg (platetektonikk) og smelting av den lågare havskorpa. Magma stig opp frå astenosfæren (eit lag i den øvre mantelen) og når dette basaltiske materialet når overflata i midthavsryggane, vert det danna ny havskorpe. Desse vert dradd til sides av havbotnen som spreiar seg. Djuphavssletter hadde opphavleg ei ujamn flate, men har vorte dekte av finkorna sediment, hovudsakleg leire og og silt. Mykje av desse sedimenta er avsett av turbidittstraumar som har vorte kanalisert frå kontinentalmarginar langs submarine canyonar ned til djupare vatn. Resten av sedimenta består hovudsakleg av djuphavssediment. Metallisk knollar er vanlege i somme område av slettene, med forskjellige konsentrasjonar av metall, som mangan, jarn, nikkel, kobolt og kopar. Desse knollane kan vere viktige ressursar for framtidig gruvedrift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Craig R. Smith, Fabio C. De Leo, Angelo F. Bernardino, Andrew K. Sweetman, and Pedro Martinez Arbizu (2008). «Abyssal food limitation, ecosystem structure and climate change» (PDF). Trends in Ecology and Evolution 23 (9): 518–528. PMID 18584909. doi:10.1016/j.tree.2008.05.002. Arkivert frå originalen (PDF) 20. juli 2011. Henta 18. juni 2010. 
  2. N.G. Vinogradova (1997). «Zoogeography of the Abyssal and Hadal Zones». Advances in Marine Biology 32: 325–387. doi:10.1016/S0065-2881(08)60019-X. Henta 18 June 2010. 
  3. 3,0 3,1 P.P.E. Weaver; J. Thomson; P. M. Hunter (1987). Geology and Geochemistry of Abyssal Plains (PDF). Oxford: Blackwell Scientific Publications. s. x. ISBN 0-632-01744-9. Arkivert frå originalen (PDF) 24. desember 2010. Henta 18. juni 2010.