Djurgården

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 59°19′40″ N 18°5′28″ E
Djurgården
bydel
none  Nordisk museum på Djurgården, mot sørvest med Skeppsholmen, Gamla stan og Södermalm i bakgrunnen.
Nordisk museum på Djurgården, mot sørvest med Skeppsholmen, Gamla stan og Södermalm i bakgrunnen.
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Stockholms län
Bydelsområde Östermalm
Kommune Stockholm
koordinatar 59°19′40″ N 18°5′28″ E
Areal 2,79 km²
Folketal 831 (2004)
Sweden Stockholm location map.svg
Locator Red.svg

Djurgården eller Södra Djurgården[1] er ei øy og ein bydel i Stockholm. Sjølve øya heiter eigentleg Valdemarsön, men bydelsnamnet har vorte så vanleg at ein òg nyttar dette om øya.

Djurgården er kjend for dei mange attraksjonarne og for naturen sin med eikeskog. Den sørvestre delen av området er utbygd med Djurgårdsstaden og Beckholmen. Elles består Djurgården av parkområdet med mange museum, villaer, ambassadar og andre institusjonar. Blant dei noverande og tidlegare innbyggjarane finn ein kongelege, diplomatar, borgarråd, forleggarar og bankdirektørar. Ein stor del av øya Djurgården består av friluftsmuseet Skansen og underhaldningsparken Gröna Lund.

Stundom vert til og med den sørlege halvdelen av Kungliga Djurgården rekna til Södra Djurgården, mellom anna grøntområda på Gärdet og Fjäderholmarna.

Södra Djurgården har status som «riksinteresse for kulturmiljøvern».[2] og er ein del av nasjonalbyparken Ekoparken som vart grunnlagd i 1994.

Den norske ambassaden i Sverige ligg òg her.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kay G. Englund (2000) Djurgården i ord och bild : illustrerad minnes- och handbok, omfattande södra eller egentliga Djurgården och närmast belägna områden på norra Djurgården – Stockholm.
  2. Stockholm.se