Dmitrij Medvedev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dmitrij Medvedev

Dmitrij Anatoljevitsj Medvedev (fødd 14. september 1965), russ. Дмитрий Анатольевич Медведев, er ein russisk politikar, og statsminister i Russland sidan 7. mai 2012. Frå 2008 til 2012 var han president i Russland.

Medvedev er fødd i Leningrad. Han blei utdanna som jurist ved Universitetet i Leningrad der han tok eksamen i 1987, og doktorgrad i 1990. Han arbeidde på det same universitetet som dosent i juridiske fag frå 1991 til 1999 og var medforfattar til ei lærebok i sivilrett som kom ut i 1991. Frå 1991 til 1996 var han òg juridisk ekspert for komitéen for utanrikssaker i byadministrasjonen i St. Petersburg. Denne komiteen vart leia av Vladimir Putin. I 1999 var han ein av fleire frå St. Petersburg som Putin tok med seg til Moskva. Han har vore Putins stabssjef, og han har vore styreformann i Gazprom i fleire periodar. Han blir sedd på som ein moderat liberal pragmatikar, ein god administrator og ein av Putins lojale medarbeidarar.

Han vart den 14. november 2005 utnemnd til første visestatsminister av president Vladimir Putin, ein tittel han delte med Sergej Ivanov. 10. desember 2007 vart det gjort kjent at Putin stødde Medvedev som ny russisk president. Han vart støtta av fire politiske parti, Sameint Russland, Rettferdig Russland, Russlands agrarparti og Borgarkraft. I ei meiningsmåling som vart offentleggjord 26. desember 2007 fekk Medvedev 79 % oppslutning. 2. mars 2008 vart han vald til president i Russland. Han tok over som president den 7. mai 2008. Dagen etter utnevnde han forgjengaren, Vladimir Putin, til statsminister. Det har vorte drøfta mellom ekspertar at det er usikkert om det blir Putin eller Medvedev som kjem til å ha den reelle øvste makta i Russland framover.

Dmitrij Medvedev gifta seg i 1989 med ei klassevenninne frå skulen, Svetlana Linnik, no Medvedeva (fødd 1965). Dei fekk sonen Ilja i 1996.