Dmitrij Mendelejev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dmitrij Mendelejev

Dmitrij Ivanovitsj Mendelejev (russisk Дми́трий Ива́нович Менделе́ев) (8. februar 183420. januar 1907) var ein russisk kjemikar som er mest kjend for å ha vore ein av to som laga det første utkastet til periodesystemet (1869). I motsetnad til andre medverkande personar til periodesystemet klarte Mendelejev å føresjå eigenskapane til grunnstoff som enno ikkje hadde vorte oppdaga. I fleire tilfelle sette han òg spørsmålsteikn ved om dei aksepterte atomvektene var riktige på bakgrunn av at dei ikkje samsvarte med dei lovene ein kjende til.

Periodesystemet blir til[endre | endre wikiteksten]

Han gjorde mange kjemiske forsøk og fann ut korleis dei ulike grunnstoffa oppførte seg. Mange hadde like eigenskapar, fann han ut. I februar 1869 sat Mendelejev og arbeidde med ei lærebok. Han mådde gjere det lett å få oversyn over dei 65 grunnstoffa. Han sorterte dei etter kor tunge atom dei hadde. Han oppdaga da at han kunne plassere dei i eit slags rutemønster der dei med like eigenskapar kom under kvarandre. Han kalla denne tabellen for Det periodiske systemet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dmitrij Mendelejev