Dmitrij Sjostakovitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dmitrij Sjostakovitsj tidleg i 1940-åra

Dmitrij Dmitrijevitsj Sjostakovitsj (russisk: Дмитрий Дмитриевич Шостакович) (25. september 19069. august 1975) var ein sovjetrussisk komponist og pianist. Ved sida av 15 symfoniar, instrumentalkonsertar, sceneverk og filmmusikk skreiv han 15 strykekvartettar som høyrer til hovudverka innan kammermusikken.

Ved sida av Igor Stravinskij og Sergej Prokofjev blir Sjostakovitsj rekna som den viktigaste russiske komponisten på 1900-talet. Han var svært produktiv og allsidig. Samstundes som han skreiv hyllingshymne for regimet til Josef Stalin heldt han distanse til det stalinistiske systemet. Vekeavisa Moskowskije Nowosti skreiv at «for å oppleve historia til landet vårt mellom 1930 og 1970 er det tilstrekkeleg å lytte til Sjostakovitsj sine symfoniar.» Cellisten Mstislav Rostropovitsj såg på symfoniane hans som «Russland si hemmelege historie» og Gottfried Blumenstein beteikna verka hans som «eit apokalyptisk soundtrack til 1900-talet.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]