Dobbeltalbum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit dobbeltalbum er eit audioalbum som er fordelt på to plater, typisk ei grammofonplate eller ein CD.

Eit dobbeltalbum er vanlegvis, men ikkje alltid, gjeve ut slik fordi innspelinga er lengre enn kapasiteten på ei enkelt plate. Plateartistane tenkjer ofte på doble album som eit enkelt musikkverk, men det finst unntak som John Lennon sitt Some Time in New York City og Pink Floyd sitt Ummagumma (begge døme på ei studioinnspeling og eit konsertalbum gjevne ut i lag), og OutKast sitt Speakerboxxx/The Love Below (i røynda to soloalbum, eit for kvar av dei to medlemmane i duoen).

Etter at CDane kom, er album stundom gjevne ut med ei bonusplate med ekstra materiale som eit supplement til hovudalbumet. Desse kan innehalde konsertopptak, alternative studioopptak, songar det ikkje var plass til på hovudalbumet, eller eldre materiale som ikkje tidlegare er gjeve ut. Stundom kan ein CD bli gjeven ut i lag med ein DVD med til dømes musikkvideoar av songane på albumet eller DVD-Audio-versjonar av dei same innspelingane. Desse kan reknast som ei ny form for dobbeltalbum. Somme slike plater vert òg gjevne ut som tosidige plater kalla DualDisc.

Det same prinsippet gjeld for trippelalbum, som består av tre einingar. Utgjevingar med meir enn tre plater vert som regel kalla ein plateboks.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det første doble studioalbumet vart gjeve ut av den franske songar-låtskrivaren Léo Ferré med Verlaine et Rimbaud, som kom ut i desember 1964 på Barclay Records.[1]

Det første rockealbumet som var dobbelt, var Bob Dylan sitt Blonde on Blonde, som kom ut i juni 1966. Frank Zappa sitt Freak Out! vart spelt inn tidlegare, men gjeve ut ei veke seinare.

Det bestseljande dobbeltalbumet gjennom tidene er Michael Jackson sitt HIStory: Past, Present and Future, Book I med over 33 millionar selde eksemplar (66 millionar einingar) verda over.[2][3] Det nest mest selde dobbeltalbumet, og det bestseljande konseptalbumet i verda er Pink Floyd sitt The Wall med over 30 millionar eksemplar (60 millionar einingar).[4][5] Andre dobbeltalbum som har seld i store mengder er The Beatles sitt White Album, The Rolling Stones sitt Exile on Main St., Billy Joel sitt Greatest Hits I & II og Smashing Pumpkins sitt Mellon Collie And The Infinite Sadness.

Doble album har vorte mindre vanlege etter at CD-ane kom på marknaden. Ein enkelt LP har ein kapasitet på opp til 30 minutt per side (men vanlegvis var dei kortare for at det ikkje skulle gå ut over lydkvaliteten), med maksimalt 60 minutt med musikk per plate. Ein enkelt CD har ein kapasitet på kring 80 minutt (opphavleg 74 minutt fram til 1990-åra). Så mange eldre dobbeltalbum på LP, vart gjevne ut på ny som eit enkelt CD-album. Somme doble-LP plater er òg gjevne ut som doble CD-plater, anten fordi dei var for lange til å få plass på ein enkelt CD, eller fordi ein rett og slett ville halde på den same strukturen som originalen.

Det finst òg doble LP-album, som Mike Oldfield sitt Incantations og Chick Corea sitt My Spanish Heart, der ein fjerna somme spor for eller forkorta songane, for å få plass på ein enkelt, 74 minutt lang CD. Begge desse har derimot blitt gjevne ut på ny i si fulle utgåve då dei 80 minutt lange CD-ane vart utvikla.

Sjølv om den gjennomsnittlege lengda på eit album har auka sidan LP-plater var vanleg, er det sjeldan at ein artist lagar eit studioalbum som er lengre enn 80 minutt. Dei doble albuma som kjem i dag er derfor som regel i andre format enn reine studioalbum. Konsertalbum kan representere anten heile eller det meste av ein konsert, eller musikk frå fleire konsertar sett saman, og vert ofte gjevne ut som doble album. Samlealbum vert òg ofte gjevne ut som doble album.

Det finst nokre få døme på ei og ei halv sider lange album (kalla sesquialbum på engelsk). Johnny Winter gav ut det som vart det første tresides rockealbumet, Second Winter, på to 12-tommarsplater, der den eine sida på den andre plata var blank.

Triple album[endre | endre wikiteksten]

Av dei første suksessrike trippelalbuma var Woodstock: Music from the Original Soundtrack and More, som kom ut 15. august 1970, og George Harrison sitt All Things Must Pass, som kom ut 27. november 1970. Eit trippelalbum kan vere konsertopptak, som The Band sitt The Last Waltz (1978) og Led Zeppelin How the West Was Won (2003); eller ei samleplate, som Stevie Wonder sitt Looking Back. Yes sitt konsertalbum Yessongs vart gjort til eit trippelalbum fordi dei hadde så mange lange musikkstykke. Mange album som vart gjevne ut som triple LP-plater, fekk plass på to CD-plater.

Plateboksar[endre | endre wikiteksten]

Når eit album består av meir enn tre plater, vert dei som regel kalla plateboksar. Normalt sett er plateboksar som består av fire eller fleire plater samlingar eller konsertopptak, som In a Word: Yes (1969–) og Chicago at Carnegie Hall. Nokre yttarst få har gjeve ut firedoble studioalbum, som den franske songaren Léo Ferré som gav ut eit konseptalbum kalla L'Opéra du pauvre i 1983. Det same gjorde Pan sonic med Kesto (234.48:4) i 2004, og avantgarde-gitaristen Buckethead med den 13 plater store In Search of The i 2007.

Simultane utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Somme artistar har gjeve ut to eller fleire forskjellige, men tilknytte album samstundes (eller nesten samstundes), slik at dei kan reknast som eit dobbeltalbum. Moby Grape sitt Wow/Grape Jam (1968) er eit tidleg døme. Andre døme er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]