Doctor juris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Doctor juris, forkorta dr. juris eller dr.jur., er det tradisjonsrike namnet på ei juridisk doktorgrad, og i nyare tid særleg brukt på den juridiske forskingsdoktorgrada i Danmark og Noreg. Grada er ei av dei tre tradisjonelle doktorgradene i dei klassiske universitetsdisiplinane med røter frå universiteta i mellomalderen.

Danmark og Noreg[endre | endre wikiteksten]

Grada blei oppretta ved grunnlegginga av Københavns Universitet i 1479. I Noreg blei grada etter oppløysinga av den dansk-norske unionen formelt etablert med universitetsfundasen av 1824. Grada blei første gong tildelt ved Det Kongelige Frederiks Universitet i 1876. Totalt blei det tildelt 113 dr. juris-grader ved universitetet fram til 1999. Som følgje av «Kvalitetsreforma» blei grada fasa ut i Noreg fram til 2008, og erstatta av philosophiae doctor-grada (ph.d.).

Den dansk-norske grada er direkte samanliknbar med den svenske grada juris doktor. Grada Doctor Juris finst dessutan i Tyskland, men krava er der noko lågare. I Storbritannia og USA finst grada Juris Doctor (JD) som tilsvarerar ei kandidatutdanning.

I Danmark blir grada gjerne omtalt som ei høgare doktorgrad, for å skilje den frå «den lågare doktorgrad» (ph.d.).