Documenta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det sentrale utstillingsområdet, med museet Fridericianum og documenta-halle.
Traumschiff Tante Olga (Drøymeskipet Tante Olga) av Anatol Herzfeld vart synt på documenta 6, 1977.

dOCUMENTA er ei viktig utstilling av samtidskunst som går føre seg kvart femte år i Kassel i det nordlege Hessen i Tyskland. Utstillinga vart skipa av kunstnaren, undervisaren og kuratoren Arnold Bode i 1955 som ein del av hageutstillinga Bundesgartenschau som vart halde i Kassel på denne tida.

På den fyrste documenta var det mange kunstnarar som var namngjete for å ha hatt stor innverknad på moderne kunst (som til dømes Pablo Picasso og Vasilij Kandinskij). Dei nyare dOCUMENTA- utstillingane har kunst frå alle kontinenta. Men det meste av kunsten er likevel stadspesifikk, det vil seie at kunstverka vanlegvis er lagd med tanke på å verte synt fram på dOCUMENTA på staden der det aktuelle verket skal stå. Kvar utstilling er avgrensa til 100 dagar, og vert difor ofte omtala som «museum på 100 dagar». Det er ikkje sal av verka på utstillinga.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Documenta

Opplysningar på tysk om dOCUMENTA: