Dodekanesane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dodekanesane
Νομός Δωδεκανήσου
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferiar Dei sørlege egeiske øyane
Hovudstad Ródos by
Folketal 200 452 (2005) Rangering 12.
Areal 2 714 km²
Folketettleik 74/km²
Provinsar 4
Demer 25
Kommunar 2
Postnummer 85x xx
Retningsnummer 2241-2247
Bilnummer KX, PO, PK
Heimeside www.nad.gr

Dodekanesane (gresk Δωδεκάνησα, Dodekánisa, tyrkisk Onikiada, begge tyder «tolv øyar», italiensk Dodecaneso) er ei øygruppe i Egearhavet i Hellas, utanfor sørvestkysten av Tyrkia. Øyane har ei rik historie og mange av sjølv dei minste busette øyane har fleire austromerske kyrkjer og mellomalderfestningar.

Det tidlegare greske prefekturet Dodekanesane består av 163 øyar, der 26 er busette. Namnet syner til at det er tolv større øyar i øygruppa, men det varierer litt kva for øyar som blir nemnde som dei tolv, og administrativt reknar ein i dag femten hovudøyar.

Den historisk viktigaste og mest kjende av øyane er Ródos, som i fleire tusenår har vore den dominerande øya i området. Andre viktige øyar er Kos og Pátmos, medan dei andre hovudøyane er Agathonísi, Astypálea, Kálymnos, Kárpathos, Kásos, Khálki, Léros, Lipsí, Nísyros, Sými og Tílos, dessutan Kastellórizo, som eigentleg ikkje ligg i Egearhavet, men aust i Middelhavet. Andre øyar i gruppa er Arkí, Psérimos, Saría og Télendos.

Frå 2011 inngår Dodekanesane saman med Kykladane i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Dodekanesane er delt inn i fire periferieiningar: Kálymnos, Kos, Kárpathos og Ródos. Dei femten hovudøyane er kvar sin kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Førhistorisk tid og den arkaiske perioden[endre | endre wikiteksten]

Dodekanesane har vore busett sidan førhistorisk tid, og etter kvart busett av minoiske innbyggjarar. Etter at den minoiske siviliasjonen fall saman vart øyane styrt av akhaiarar frå om lag 1400 fvt før dorianarane kom til øyane rundt 1100 fvt. Det var under dorianarane at øyane byrja å bløme både kulturelt og økonomisk. I den tidlege arkaiske perioden stod Ródos og Kos etter kvart fram som dei store øyane i gruppa, og på 500-talet fvt. grunnla dorianarane tre store byar på Ródos (Líndos, Kámiros og Ialysós), i tillegg til byar på øya Kos og byane Knidos og Halikarnassos på fastlandet av Lilleasia.

Den klassiske perioden[endre | endre wikiteksten]

Hamna på Ródos

Denne utviklinga vart forstyrra rundt 499 fvt. av persarkrigane der øyane vart erobra av persarane i ein kort periode. Etter athenarane slo persarane i 478 fvt. vart byane ein del Det athenske sjøforbundet. Då den peloponnesiske krigen braut ut i 431 fvt. vart dei stort sett verande nøytrale sjølv om dei framleis var medlem av sjøforbundet.

Då den peloponnesiske krigen enda i 404 fvt. hadde Dodekanesane stort sett fjerna seg frå konfliktane i Egearhavet og hadde byrja ein periode med ro og velstand. I 408 fvt. slo dei tre byane på Ródos seg saman og danna ein stat, som bygde ein ny hovudstad på nordsida av øya, som óg fekk namnet Ródos. Ródos fekk så dominere området det neste tusenåret. Andre øyar i Dodekanesane utvikla seg óg til økonomiske og kulturelle senter, særleg Kos som hadde ein skule i medisin grunnlagd av Hippokrates.

Den peloponnesiske krigen hadde derimot svekka den greske siviliasjonen sin militære styrke så pass mykje at han låg open for invasjon. I 357 fvt. vart øyane erobra av Mausolos av Halikarnassos, så i 340 fvt. av persarane. Den andre perioden med persisk styre viste seg å bli nesten like kort som den førre og øyane vart ein del av det raskt veksande makedonske riketAleksander den store feia over dei og slo persarane i 332 fvt., til stor lette for øybuarane.

Etter at Aleksander døydde vart øyane, og til og med sjølve Ródos, delt opp mellom dei mange generalane som ville ta over etter han. Øyane danna sterke handelsband med Ptolemeardynastiet i Egypt og i lag danna dei den rodisk-egyptiske alliansen som kontrollerte handel i Egearhavet på 200-talet fvt.. Med Ródos i teten utvikla øyane seg til maritime, kommersielle og kulturelle senter, og myntar frå Ródos fann ein nesten overalt i Middelhavet. I tillegg var øyane si lære innan filosofi, litteratur og retorikk godt kjend. Kolossen på Ródos, bygd i 304 fvt., symboliserer kanskje best rikdomen og makta deira.

Romersk amfiteater på Kos

I 164 fvt. signerte Ródos ein avtale med Roma og øyane vart meir eller mindre styrt av Romarriket, sjølv om dei for det meste haldt sjølvstyret sitt. Ródos var raskt eit utdanningssenter for romerske adelsfamiliar, og sidan øyane (og særleg Ródos) var viktige allierte av Roma, fekk dei mange privilegium og hadde generelt venlege samband. Desse forsvann i 42 fvt. i opprøret som oppstod etter mordet på Julius Cæsar i 44 fvt.Cassius invaderte og plyndra øyane. Etter dette vart dei i større grad ein del av Romarriket. Titus gjorde Ródos til hovudstad av Provincia Insularum og etter kvart var øyane slått saman med Kreta som ein del av den 18. provinsen i Romarriket.

I det 1. hundreåret evt. vitja Paulus øyane to gonger, og apostelen Johannes vitja dei mange gonger. Dei klarte å konvertere øyane til kristendom, og øyane vart dermed eit av dei første kristne områda. Johannes slo seg til slutt ned her og var i eksil på Pátmos, der han skreiv den kjende Johannes’ openberring.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Då Romarriket i 395 evt. vart delt i ein austleg og ein vestleg halvdel, vart øyane ein del av den austlege delen, som seinare utvikla seg til det greske Austromarriket. Dei vart verande her i nesten tusen år, sjølv om dei fleire gongar vart invadert. Det var i denne perioden dei igjen vart ein sjølvstendig heilskap, og namnet Dodekanesane dukka opp rundt 700-talet. Det finst mange spor etter den austromerske perioden på øyane i dag, mellom anna hundrevis av kyrkjer.

Mellomalderbyen i Ródos by

1200-talet, under det fjerde krosstoget, byrja italienarane å invadere delar av Dodekanesane, som til då hadde vore styrt under keisardømet Nikea. Venetianske (Querini, Cornaro) og genuesiske familiar (Vignoli) regjerte alle over øyane ein kort periode, medan basiliske munkar styrte Pátmos og Léros. Til slutt, på 1300-talet då perioden til Austromarriket enda, erobra styrkar frå Johanittarordenen øyane. Ródos vart erobra i 1309 og resten av øyane fall litt etter litt dei neste tiåra. Riddarane gjorde Ródos om til deira skanse, og omforma hovudstaden til ein storarta mellomalderby dominert av ei imponerande festning, i tillegg til spreidde festningar rundt om på resten av øya.

Desse massive festningsverka var nok til å motstå invasjonane frå Sultanen av Egypt i 1444 og Mehmed II i 1480. Til slutt fall derimot festninga på Ródos då den store hæren til Suleiman den store invaderte øya, og dei andre øyane vart erobra i løpet av det neste året. Dei få overlevande riddarane flykta til Malta.

Osmansk styre[endre | endre wikiteksten]

Dette starta ein fleire hundreår lang periode under Det osmanske riket. Dodekanesane danna ein Wilaya i riket. Innbyggjarane fekk halde ein del av privilegiane sine, og etter Suleiman si kunngjering fekk dei ein spesiell sjølvstyrt status mot at dei betalte ein spesiell skatt. Dette hindra osmanske generalar i å blande seg inn i borgarlege saker eller handsame innbyggjarane dårleg. Desse garantiane, kombinert med den strategiske plasseringa for handel i Middelhavet, gjorde at øyane blømde. Sjølv om den stort sett greske folkesetnaden (berre Ródos og Kos hadde tyrkiske samfunn) støtta Hellas etter sjølvstendeerklæringa i 1822, vart ikkje øyane ein del av den greske sjølvstendekrigen og haldt i staden sitt delvise sjølvstyre som ei øygruppe av greske kjøpmenn under Det osmanske riket. Og 1800-talet viste seg å bli ein av dei mest framgongsrike periodane for øyane, og fleire herregardar vart bygd i denne perioden.

Italiensk styre[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen Mandráki på Nísyros

Etter at den italiensk-tyrkiske krigen braut ut om Libya erklærte øyane omsider sjølvstende frå Det osmanske riket i 1912, og kunngjorde seg sjølv som den sjølvstendige staten Føderasjoen Dei dodekanesiske øyane. Denne staten vart nesten med ein gong invadert av Italia, som ønskte øyane, og særleg festninga på Ródos, for å kontrollere kommunikasjonen mellom Tyrkia og Libya. Italienarane okkuperte heile Dodekanesane bortsett frå Kastellórizo, som i ein periode vart tatt av Frankrike.

Etter krigen enda og den første Lausannetraktaten fekk Italia framleis okkupere øyane, som ein garanti for utføringa av traktaten. Etter at Italia erklærte krig mot Det osmanske riket (21. august 1915), starta krigsokkupasjonen av øyane igjen.

Under den første verdskrigen kjempa Italia på Frankrike og Storbritannia si side og øyane vart ein viktig britisk og fransk marinebase, og vart nytta som utgangspunkt for fleire felttog, mest kjend felttoget Gallipoli. Under krigen vart fleire av dei mindre øyane okkupert av Frankrike og Storbritannia, medan Ródos framleis var okkupert av Italia.

Etter krigen vart Tittoni - Venizelos-avtalen signert 29. juli 1919, der fleire av dei mindre øyane vart ein del av Hellas, medan Ródos vart verande italiensk. Italia skulle hatt det sørvestlege Anatolia med Antalya i byte, men det greske tapet i den gresk-tyrkiske krigen og grunnlegginga av det moderne Tyrkia, gjorde denne løysinga umogeleg. Med Lausannetraktaten var så Dodekanesane formelt annektert av Italia som Possedimenti Italiani dell'Egeo.

Benito Mussolini og Fascistpartiet hans kom til makta i 1922 førte dette til ein periode med undertrykking. Mussolini sette i gang eit prosjekt der dei greske øyane skulle italianiserast i håp om å spreie italiensk kultur frå Ródos til hans planlagde Middelhavsrike. Sjølv om øybuarane på dei greske øyane stort sett snakka gresk, med tyrkiske minoritetar her og der og ein mindre ladinotalande jødisk minoritet, vart det innført italiensk på skulane, og den gresk-ortodokse religionen til dei fleste innbyggjarane vart motverka. Dette førte til at mange grekarar emigrerte frå øyane, og vart erstatta av ein relativt liten italiensk busetnad. Trass i dette hadde den fascistiske planen nokre positive innverknadar, som utrydding av malaria frå øyane, bygging av sjukehus, akvedukter, og eit kraftverk ved Ródos by som gav elektrisk straum og opprettinga av det dodekanesiske Cadastre. Det store slottet til Johanittarordenen vart óg bygd opp att. Den betongdominerte fascistiske arkitekturen øydela derimot ein del av dei vakre øyane, og desse bygningane vart seinare i stor grad øydelagd eller ombygd, bortsett frå byen Lákki på Léros, som er det beste dømet på denne arkitekturen.

Under den andre verdskrigen gjekk Italia inn på Aksemaktene si side og nytta Dodekanesane som utgangspunkt for invasjonen av Kreta i 1940. Etter at Italia overgav seg i september 1943, vart øyane ein kort periode slagmark mellom tyske og italienske og allierte styrkar. Tyskarane fekk overhand, og sjølv om dei vart driven bort frå det greske fastlandet i 1944, okkuperte dei Dodekanesane fram til slutten av krigen i 1945, då nesten heile den jødiske folkesetnaden hadde vorte deportert og drepen.

Etter den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen kom øyane under britisk militærvern og fekk nesten med ein gong styre sin eigne borgarlege saker fram til øyane uformelt vart sameina med Hellas. Trass i protestar frå Tyrkia, som òg ønska øyane, vart øyane formelt ein del av Hellas etter fredsavtalen med Italia i 1947. Dette enda ein sju hundre år lang periode utan gresk styre over øyane.

I dag er Ródos og Dodekanesane populære reisemål. Gamlebyen i Ródos er restaurert og er ein av hovudattraksjonane.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnummer
Kálymnos Agathonísi Agathonísi 850 01 22470
Pátmos Pátmos 855 00 22470-3
Lipsí Lipsí 850 01 22470-4
Léros Léros 854 00 22470-2
Kálymnos Kálymnos 852 00 22430-2, 50, 59
Astypálea Astypálea 859 00 22430-4
Kos Kos Kos 853 00 22420-2
Iraklídes 853 02 22420-6
Díkeos 853 00 22420-2
Nísyros Nísyros 853 03 22420-3
Kárpathos Kárpathos Kárpathos 858 00 22450-2
Ólymbos 857 00 22450
Kásos Kásos 857 00 22450-4
Ródos Tílos Tílos 850 02 22460-44
Sými Sými 856 00 22460-70 til 72
Khálki Khálki 851 10 22460-45
Ródos Ródos 851 00 22410-2,3,4,6,7,8
Ialysós 851 01 22410-90 til 98
Arkhángelos 851 02 22440-2
Afándou 851 03 22410-50 til 53, 56, 57
Petaloúdes 851 04 22410-90 til 98
Kallithéa 851 05 22410-6, 84 til 87
Kámiros 851 06 22410-40 til 42
Líndos 851 07 22440-2,3
Attávyros 851 09 22460-5
Sør-Ródos 851 09 22440-4
Kastellórizo Kastellórizo 851 11 22460-49

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Dodecanese frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Doumanis, Nicholas. "Italians as "Good" Colonizers: Speaking Subalterns and the Politics of Memory in the Dodecanese," i Ruth Ben-Ghiat og Mia Fuller, ed.s, Italian Colonialism. New York: Palgarve Macmillian. 2005. ISBN 0-312-23649-2.


Dodekanesane

Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Télendos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou