Dodoma
| Dodoma | |
|---|---|
| Sentrum i Dodoma i 2006. | |
| Styresmakter | |
| Land | Tanzania |
| Grunnlagd | år 1735 |
| Borgarmeister | Francis Mazanda |
| Geografi | |
| Flatevidd - Hovudstad |
2576 km² |
| Innbyggjarar - Hovudstad (2002) - folketettleik |
324.347 125,9/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tidssone | UTC +3 (UTC3) |
| Plassering | |
Dodoma (gogo for 'han har sokke') er ein by og hovudstad i Tanzania.
Innhaldsliste |
Hovudstad [endre]
Dodoma tok over frå Dar-es-Salaam som hovudstad for Tanzania i 1974, og ein starta prosessen med å flytta dei offisielle kontora frå Dar-es-Salaam til Dodoma. Etter planen skulle dette arbeidet vera fullført i 2005, men i 2007 stod framleis mange offisielle bygg att i Dar-es-Salaam. Dodoma er også delstadshovudstad.
Demografi [endre]
Dodoma er ein innlandsby, og ligg omtrent midt i landet. Dei innfødde folkegruppene i Dodoma-området er gogo-, rangi- og sandawefolk, men innbyggjarane i det moderne Dodoma kjem frå mange ulike folkegrupper. Ifylgje den romersk-katolske kyrkja er 19,2 % romersk-katolikkar.
Infrastruktur [endre]
Ein stor motorveg, samt ein jernbane går mellom Dodoma og Dar-es-Salaam ved kysten av Det indiske havet. Det går også vegar vestover og nordover frå Dodoma. Det finst også flyplass ved Dodoma, og styresmaktene planlegg å byggja ein ny flyplass ved byen.
Dodoma er eit handelssenter for landbruksprodukt, t.d. jordneter, mais, ris, bønner, kaffi, te, og kveite. Det finst også noko lettindustri her.
I nærleiken av byen ligg vasskjelda Hombolo-dammen, som bystyret har ansvar for. Det finst to universitet i Dodoma: St. Johns University of Tanzania som den anglikanske kyrkja eig, og University of Dodoma. Begge vart opna i 2007.
Kjelder [endre]
- Engelsk Wikipedia om Dodoma, henta inn 2. januar 2011.
- Store Norske Leksikon om Dodoma.