Doge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Portrett av Dogen Giovanni Mocenigo. Gentile Bellini, 1480.
Doge (utt. [doːdʃe]) var tittelen til statsoverhovuda i republikkane Venezia og Genova. Det var Dogar i Venezia frå 697 til 1797. Genova tok etter venetiansk modell tittelen i bruk frå 1339 til 1805.
Tittelen er avleidd frå det latinske dux, 'leiar', som i den romerske republikken var ei nemning på den øvste militære leiaren i ein grenseprovins.
Dogen vart vald på livstid, mellom kandidatar frå dei rikaste og mektigaste familiane, men vart aldri ein arveleg tittel.
Sjå òg [endre]
- Dogar av Venezia
- Dogar av Genova
- Dogar av Amalfi
Denne historieartikkelen som har med Italia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.