Doggerbank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittfoto av Nordsjøen med Doggerbank avmerkt med raudt.)

Koordinatar: 54°43′N 2°46′E Doggerbank (engelsk Dogger Bank, tysk Doggerbank, dansk Dogger banke), Doggerbanken eller berre Dogger er ei grunne i Nordsjøen som ligg rundt 100 km aust for Nord-England. Ho er rundt 260 km lang, opptil 97 km brei og har ei flatevidd på 17 600 km². Ho er den største sandbanken i Nordsjøen, og har eit rikt dyreliv.

Doggerbanken er rundt 20 meter høgare enn havbotnen rundt, og har i vestenden, på sitt grunnaste, ei djupne på 15 meter.

Storbritannia, Danmark, Tyskland og Nederland deler rettar til Doggerbanken. I høve til andre fiskeområde ligg Doggerbank sør for Fladengrunn og vest for Tyskebukta. Namnet skal koma frå dogger, ein gammal nederlandsk fiskebåt som særleg blei brukt til å fanga torsk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grunna er danna av ein stor morene frå sørenden av isdekket i siste istid. I steinalderen var ho del av eit tørt landområde som i ettertid er blitt kalla Doggerland. Etter at havnivået steig blei området overfløymt.

Tre gonger har sjøslag blitt utkjempa her. Det første fann stad 5. august 1781, under den fjerde engelsk-nederlandske krigen. Då var grunna åstad for eit slag mellom den engelske og Dei sameinte Nederlanda. Det andre fann stad under den russisk-japanske krigen då russiske krigsskip opna eld mot engelske fiskebåtar den 21. oktober 1904. Russarane trudde fiskebåtane var japanske torpedobåtar. Det siste slaget stod 24. januar 1915, under den første verdskrigen, mellom den tyske og den engelske marinen.

Det største jordskjelvet kjend i Storbritannia nokonsinne fann stad under Doggerbank i 1931. Skjelvet målte 6,1 på Richters skala. Hyposenteret låg 23 km under grunna, og blei kjent i alle landa rundt Nordsjøen.

I januar 2010 gav dei britiske styresmaktene Forewind Ltd. løyve til å byggja ut ein stor vindmøllepark på Doggerbank.[1]

Natur[endre | endre wikiteksten]

Doggerbank har vore eit rikt fiskeområde i fleire hundreår, med fiskar som sild, torsk, hyse, flyndre, sandflyndre og piggvar. Grunna er gyteplass for sild, raudspette og krøkle, som igjen livnærer ulike andre fiskar, fuglar og kvalar, i tillegg til menneske. Botntråling har gjort mykje skade i biotopen her.

Greenpeace utropte eit 85 000 km² stort område til Doggerbankreservatet i 2004. I 2011 blei Doggerbanken nominert som eit verneområde («Special Area of Conservation») i EU av styresmaktene i Storbritannia, Tyskland og Nederland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. BBC News - New UK offshore wind farm licences are announced, news.bbc.co.uk, January 8, 2010, http://news.bbc.co.uk/2/hi/business/8448203.stm, henta 2010-01-08