Dojransjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dojransjøen
innsjø
Land  Hellas,  Nord-Makedonia
Høgd over havet 147 moh.
Lengd 8,9 km
Breidd 7,1 km
Areal 43,1 km²
Middeldjupn 10 m
Koordinatar 41°13′N 22°45′EKoordinatar: 41°13′N 22°45′E
Kart
Dojransjøen
41°13′0″ N 22°45′0″ E
Wikimedia Commons: Lake Dojran

Dojransjøen eller Doiránisjøen (makedonsk Дојранско Езеро, Dojransko Еzero, gresk Λίμνη Δοϊράνη Límni Doiráni) er ein innsjø på grensa mellom Hellas og Nord-Makedonia. Han er den minste av dei tre grensesjøane i Nord-Makedonia. Dei to andre innsjøane er Ohridsjøen og Prespasjøen. Det finst ein grenseovergang sør for den nesten ovalforma innsjøen. Fleire busetnadar ligg rundt innsjøen på begge sider av grensa, og mykje av kystlinja består av myr- og våtmarksområde.

Innsjøen har eit areal på 43,1 km², der 22 km² ligg i Hellas.

Innsjøen var på den sørlege linja av den makedonske fronten under den første verdskrigen, og den sørlege breidda vart åstad for slaget ved Dojran mellom dei allierte grekarane og britiske troppar frå sør og bulgarske troppar aust for innsjøen. Eit monument til minne om slaget og to gravstader for greske og britiske troppar ligg på ein ås eit par hundre meter sør for innsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]