Dokka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dokka
tettstad
Dokka sentrum
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Nordre Land
Areal 3,4 km²
Folketal 2 928  (2023)
Folketettleik 861 / km²
Postnummer 2870 DOKKA
Preposisjon Dokka
Kart
Dokka
60°50′00″N 10°05′00″E / 60.83333333°N 10.08333333°E / 60.83333333; 10.08333333
Wikimedia Commons: Dokka
Dokka stasjon

Dokka er ein tettstad og administrasjonssenteret i Nordre Land kommune i Innlandet fylke. Tettstaden har 2 928 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg like nord for Randsfjorden. Dokka er handelsstad for bygdene omkring, og har fleire kjøpesenter: Bergfossenteret, Bondlidsenteret og Sentrum. Ei helg i juni har Dokka sine «Sommardagar».

Dokka har barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule, fleire barnehagar, eit eldreheim, ungdomssklubb og bibliotek.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 33 (Rv33) kjem sørfrå, langs austsida av Randsfjorden. Den fortsett nordvestover til Etnedal og Bjørgo. Riksveg 245 (Rv245) går sørover på vestsida av Randsfjorden. Riksveg 250 (Rv250) går gjennom/forbi Aust-Torpa (Sjå Torpa), over Vingromsåsen og ned til Vingrom, ca. 6 kilometer sør for Lillehammer. Vegen er 46,1 kilometer lang.

Valdresbanen er ein nedlagt jernbane med sambinding til Gjøvikbanen, og gjekk opphavleg frå Eina til Fagernes. Strekninga Eina–Dokka vart opne i 1902 under namnet Landsbanen, og i 1906 blei Valdresbanen fram til Fagernes offisielt open. Persontrafikken vart innstilt på banen fra 31. desember 1988, medan det fortsette å køyre godstog til Dokka fram til 31. mars 1999. Ein køyrer turisttog om sommaren på strekninga frå Eina til Dokka, og nord for Dokka er det mogleg å sykle skjenesykkel.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Lands Museum ligg på Dokka.

Kjende personar frå Dokka[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]