Dokketeater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Enkelt italiensk dokketeater med handdokker av den faste commedia dell'arte-skapnaden Pulcinello. Illustrasjon frå kring 1770.
Tysk omreisande «kikeskåp» med figurar på måla glassplater. Frå kring 1835.
Indonesisk dokke frå Bali til bruk i tradisjonelt skuggeteater. Frå tidleg på 1900-talet.
Ei samling marionettefigurar frå eit tysk dokketeater.
Dokke eller figur av George W. Bush i amerikansk demonstrasjonstog i 2005.

Dokketeater er ei form for teater der rollene i skodespelet vert framstilte av dokker eller figurar.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Ofte vert dokketeater delt inn i typar etter rørsla for dokkene i framføringane. Dei vanlegaste typane er

  • marionettar, som blir styrt ved hjelp av snorer og stavar,
  • stong- eller handdokker, som blir styrt nedanfrå eller som ein hanske, eller
  • flate dokker som blir opplyst bakfrå og vert brukt i skyggeteater.

Scenene kan variere frå store teaterscener med imponerande scenografi og komplisert mekanikk til svært enkle einmannskassar.

Figurteater er ei nyare form for dokketeater som blandar dokker, figurar og levande skodespelarar i forskjellige scenografiske uttrykk, ofte i stykke også berekna på vaksne.

Dokketeater som kunstnarisk uttrykk og underhalding er dessutan nært i slekt med moderne dokkefilm.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dokketeatertradisjonane strekkjer seg tilbake til det gamle Egypt, Hellas og Italia. Det er gjort fleire arkeologiske funn som tyder på dette, og skuggedokker er også nemnt i den greske filosofien.

Den katolske kyrkja tok tidleg i bruk dokketeater for pedagogiske føremål. Ei dokke av den unge Jomfru Maria, på fransk Marion, var ein vanleg figur i kyrkjespel i mellomalderen og gav blant anna namn til omgrepet marionett. Ei folkeleg form oppstod parallelt frå 1500-talet med utgangspunkt i commedia dell'arte, lystige improvisasjonskomediar med faste rollefigurar. Den italienske Pulcinello-figuren blei ført vidare i Punch-figuren i England, Polichinelle i Frankrike, Hanswurst eller Kasper i Tyskland, Petrusjka i Russland, Mester Jackel i Danmark og Kasper i Sverige. Slikt dokketeater vert framleis kalla kasperteatersvensk. Det vendte seg opphavleg til vaksne, men blei sidan særleg utforma for barn.

I Austen har dokketeaterkunsten lenge vore høgt vørdt. Høgdepunktet i Japan blei nådd på 1500-talet då fleire høgvørde forfattarar skreiv stykke for dokketeaterspel. Seinare har særleg indonesisk skuggeteater stått sterkt.

I moderne tid har dokketeater i form av komiske handdokker blitt namngjeten i verda gjennom dei amerikanske TV-serieane Muppetshow og Sesame Street, som i Noreg blei presenterte gjennom den pedagogiske barne-TV-serien Sesam Stasjon. Andre døme på populære filmar frå nyare tid er Team America og The Thunderbirds, der rollene blir framstilte ved hjelp av marionettfigurar. I Noreg er særleg italiensk-norske Ivo Caprino sine animasjonsfilmar blitt populære, filmar der dokkene ofte er styrt ved hjelp av mekaniske innretningar. Bjørg og Arne Mykles Pompel og Pilt er ei anna kotroveriel dokketeater på barne tv i 70 åra, som har nær ein kult status no.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det er ein rekke store og mindre dokketeaterscener og -ensembler i Noreg i dag. Oslo Nye Dukketeater blei oppretta i 1966 som landets første institusjonsteater for dokketeater.

Utøvarar[endre | endre wikiteksten]

Kjente, norske dokkespelarar er Arne Mykle, Birgit Strøm, Arne Mykleog kona Bjørg MykleAnne Helgesen og Åsmund Huser. I Tsjekkia, kor dokketeaterkulturen har lange og sterke tradisjonar, er blant anna Jan Svankmajer kjent for å blande dokketeater og animasjonsfilm. I USA har det vore fleire buktalarar med kjente dokker, blant anna Edgar Bergen og hans populære Charlie McCarthy.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dokketeater