Doldenhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°28′07″N 7°44′06″E
Doldenhorn
fjell
none  Sett frå vestsida
Sett frå vestsida
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
høgd 3 643 moh
skardhøgd 654 m ↓ Blüemlisalp
koordinatar 46°28′07″N 7°44′06″E
Førstestiging av Abraham Roth, Edmund von Fellenberg, Johann Bischoff, Kaspar Blatter, Christian Lauener, Gilgian Reichen
 - dato 30. juni 1862
Stad in Sveits
Locator Red.svg
Stad in Sveits

Doldenhorn er eit 3 643 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Bern. Den bredekte nordveggen hever seg bratt opp for Oeschinensee ved Kandersteg. Sørsida over Gasterental består av både berg og is. Via Fründenhorn og Oeschinenhorn er Doldenhorn knytt til det i aust liggjande Blüemlisalp. Elles står desse fjelltoppane fritt i høve til andre fjell. Massivet høyrer til elva Kander sitt nedslagsfelt.

Fjellsoge[endre | endre wikiteksten]

Etter siste istida har fleire store fjellskred stekt ut frå Doldenhorn. Eit av dei styrta ned i vatnet Oeschinensee. Frå Fisistöcken ovan om Kandersteg dundra veldige steinmassar ned i dalen Kandertal, fjellmassane demmer i dag opp vatnet Blausee. I fjellsida ser ein tydeleg kvar raset kom i frå, og kor stort det må ha vore.

Doldenhorn vart klatra fyrste gongen den 30. juni 1862 av Abraham Roth, Edmund von Fellenberg og fjellførarane Johann Bischoff, Kaspar Blatter, Christian Lauener og Gilgian Reichen.

  • Normalruta til Doldenhorn tek utgangspunkt frå Doldenhornhütte (1915 m) ovan om Kandersteg. Vidare stig ein opp nordvestsida forbi den markante Spitzen Stein, til ein i knapt 3000 meters høgde går inn på breen. Toppen når ein ved å klive opp ei bretunge som går opp mellom Kleindoldenhorn og Doldenhorn.
  • Galletgrat er ein snørygg, som går frå Fründenhütte over Sporn til eit punkt 3480 moh på austegga. Austegga, som for ein stor del er sikra med faste tau (for klatrarane), fylgjer ein til toppen av egga. Ferda vidare går over brefonner til topps på Doldenhorn. Ruta vart klatra fyrste gongen 19. juli 1899 av J. Gallet, J. Kalbermatten og A. Müller. Dei faste taua er montert for å unngå at folk klatrar i pillaren, ettersom ein her er sterkt utsett for steinras.
  • Austegga kan klatrast frå Fründenjoch. Lange strekk er greie å klive, men enkelte stader er svært krevjande å klatre. E. og O. Bürki var dei fyrste som klatra denne egga, den 5. august 1923.
  • Nordveggen er ein klassisk brevegg, med ei gjennomsnittleg skråningsgrad på 54°. Sjølve fjellveggen er 600 meter høg. Han vart klatra fyrste gongen 8. juli 1934 av M. Bachmann og S. Plietz.

Regjeringsbunker K20[endre | endre wikiteksten]

Innere Fisistock, den vestlegaste fjellaksla på Doldenhorn, hyser i fylgje det tyske tidsskriftet Spiegel Online bunkeren til den sveitsiske regjeringa, "Führungsanlage K20". Bunkeren skal vere tilgjengeleg både frå Eggenschwand, Gasterntal og gjennom den gamle Lötschbergtunnelen. Regjeringa har halde strengt hemmeleg kvar regjeringsbunkeren ligg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]