Dolly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dolly.

Dolly er ein stutt tilhengar med svingskive som vert dregen av ein lastebil, slik at han kan trekkja ein semitrailer. Ein dolly har som oftast boggi for å auka tillete akseltrykk. Dolly vert som oftast nytta som ein del i eit modulvogntog. I Noreg vert dolly rekna som eige køyretøy og må ha lys og registreringsnummer, på lik linje med andre tilhengarar.


I Sverige og Finland er bruk av dolly vanleg, medan det i Danmark og Noreg er førebels er lite utbreidd. Dolly kan òg nyttast for å flytta semitrailerar på terminalar, når ein ikkje har ei trekkvogn med svingskive til rådvelde.