Dolstad kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 65°50′34″N 13°12′15″E

Dolstad kyrkje
Dolstad k3.JPG

 (2007)

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Sør-Hålogaland
Prosti:  Indre Helgeland
Fellesråd:  Vefsn
Sokn:  Dolstad
Vigd til:  Den gamle kyrkja var vigd til St. Mikael
Innvigd:  9. søndag etter trinitas (7. august) 1735
Endringar:  sist omvølt 1975/76
Kyrkjegard:  ved Dolstad, i Mosjøen og i Vistvågan
Arkitektur
Type:  åttekanta krosskyrkje
Arkitekt:  Bygmester Nils Pedersen Bech
Teknikk:  lafta
Materiale:  tre
Kyrkjerommet
Døypefont:  dåpsengel, sjå bilete
Altartavle:  måla av Eilert Balle Lund 1856
Orgel:  Marcussen & søn (2010), 29 stemmer
Plassar:  ca. 500
Commons-logo.svg
Dolstad kyrkje på Commons

Dolstad kyrkje er ei kyrkje i Dolstad sokn i Vefsn kommune. Den kyrkja som står no, er ei åttekanta kyrkje med fire krossarmar, lafta i tømmer i 1735. Byggmester Nils Pederson Bech frå Trondheim leia bygginga av kyrkja etter mønster av Bakke kyrkje i Trondheim.[1] Kyrkja er bygd ved Dolstad prestegard utanfor Mosjøen.

Det er sagt at kyrkja skal ha 700 sitjeplassar, men ut fra dagens krav til branntryggleik og komfort er det rettare å seie at kyrkja har plass til om lag 500 menneske. Det har stått minst to kyrkjer på Dolstad tidlegare. Den første var bygd i katolsk tid, kanskje så tidleg som på 1100-talet, og vigd til erkeengelen Mikael. Den eine kyrkjeklokka vitnar om dette med innskrifta «STE MIHAELS KIERKE I WEFSEN».

Engelen i Dolstad kyrkje. Ved dåp i Dolstad kyrkje vert denne dåpsengelen frå 1782 firt ned i koret.

Dolstad kyrkje fekk sitt første orgel i 1846. I 1920 vart dette orgelet bytt ut med eit nytt og større orgel, mens det gamle vart flytta til Drevja kyrkje. Det nye orgelet stod ikkje så lenge. Det skal ha fått hard medfart under krigen, da kyrkja vart brukt til transittmottak under evakueringa av Finnmark og sidan til å internere russiske krigsfangar. Alt tidleg i 1960-åra vart det bytt ut. Dette orgelet vart heller ikkje ståande lenge, plasseringa og klangen var ikkje heldig. I 2010 vart eit nytt orgel tatt i bruk, bygd med inspirasjon frå det første kyrkjeorgelet, det som no står i Drevja, og den øvrige arkitekturen i Dolstad kyrke.

På 1850-talet vart kyrkja oppmalt og det vart sett opp ein himling over kyrkjeskipet. I 1899 vart det sett inn nye, store vindauge i staden for dei små gamle med farga glas. Samstundes vart dei gamle kyrkjestolane med dører i fjerna; kyrkja fekk i staden nye benker. Dørene i dei gamle benkene står i dag som brystpanel i koret.

Dolstad kyrkje vart omvølt i 1975/76, med sikte på å gje kyrkja 1700-talspreget attende. Målinga vart skrapa av takborda og tømmerveggane, preikestolen vart senka og benkane vart skifta ut. Himlingen over midtskipet vart teke ned. Vinteren 2007 vart borda i himlingen sette opp att, dels av omsyn til varmeisolasjon, dels av omsyn til akustikken.

Etter at spiret knekte under ein storm vinteren 2011,[2] vart det på nytt sett i gang eit stort ombyggingsarbeid. 2012/13 var kyrkja stengd i 8 månader mens taket vart omtekt, det vart sett opp nytt spir med ny vindfløy, og det vart grav ut nye kjellarrom under kyrkja. Inne i kyrkja vart taket oppmåla, og det vart lagt inn vassboren fjernvarme. Det elektiske anlegget vart fornya. Altarmåleria vart reinsa og reparerte.

Til Dolstad kyrkje ligg Dolstad kyrkjegard. Soknet brukar også Mosjøen kyrkjegard 500 m sør for kyrkja og Vestvågan kyrkjegard lengst vest i kommunen, i det som før var Tjøtta sokn.

Kjelder og bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

  1. Jakobsen, Mikael (1935): Dolstad kirke 1735-1935. Dolstad menighetsråd.
  2. Helgeland Arbeiderblad