Dolyna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dolyna
ukrainsk Долина
by
våpen
Land  Ukraina
Oblast Ivano-Frankivsk oblast
Rajon Dolyna rajon
Koordinatar 48°58′14″N 24°0′40″E / 48.97056°N 24.01111°E / 48.97056; 24.01111
Areal 27 km²
Folketal 20 453  (2011[1])
Folketettleik 758 / km²
Grunnlagd 979
 - Magdeburgrettar 1525
 - Bystatus 1939
Borgarmeister Volodymyr Harazd
Postnummer 77500
Retningsnummer 3477
Kart
Dolyna
48°58′13″N 24°00′39″E / 48.970277777778°N 24.010833333333°E / 48.970277777778; 24.010833333333
Wikimedia Commons: Dolyna (city)
Nettstad: http://rada.dolyna.info/

Dolyna (ukrainsk Долина, polsk Dolina) er ein by i Ivano-Frankivsk oblast (provins) sørvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Dolyna rajon (distrikt). Byen har kring 20 000 innbyggjarar.

Byen har ei historie som går attende til 900-talet og er ein av dei eldste i regionen. På 1300-talet vart Dolyna kjend for saltgruvene sine. I 1349 kom byen under Polen og i 1525 fekk han byrettar. I 1772 fall byen til austerrikarane og mista i 1791 bystatusen. Etter at Austerrike-Ungarn kollapsa kjempa Polen og Ukraina om kontroll over Dolyna i ein brodermorderisk strid vunnen av polakkane. I mellomkrigstida høyrte byen til Stanisławów voivodskap og var senter i Dolina fylke. Nabolandsbyane var busette av tyske nybyggjarar.

Under andre verdskrigen vart byen okkupert av sovjetarane og tyskarane og sidan innlemma i Ukrainske SSR. I 1950-åra vart det oppdaga olje i regionen som i 1958 produserte 65 % av all olja som vart utvunnen i Ukraina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]